Karriererettleiing for elevar i grunnskulen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Heilskapleg karriererettleiing

Karriererettleiinga i grunnskulen startar alt i 8. klasse. I 9. og 10. klasse er målet at elevane får prøve ut eit eller fleire utdanningsprogram. Elevane skal få høve til å erfare ein smakebit av innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserar det utdanningsprogrammet eleven har valt, og dei vidare studium og/eller yrke dette kan føre fram til.

Karriererettleiing i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylke sette i 2006 i gang eit prosjekt for å prøve ut ulike modellar for å betre yrkesrettleiing i ungdomsskulen. I prosjektet har ungdomsskulane, dei vidaregåande skulane, høgskulane i fylket og arbeidslivet har samarbeidd om å gi ungdomane eit betre grunnlag for å velje utdanning og yrke.

Pilotprosjekt i Ørsta og Volda

Høgskulen har delteke  i karriererettleiingsprosjektet i Ørsta og Volda regionen sidan 2006. Prosjektgruppa i Ørsta og Volda er ei av fem pilotgrupper i fylket. Pilotgruppa har bestått av rådgjevarar og leiarar frå grunn- og vidaregåande skular og Torill Engeseth ved informasjonskontoret ved Høgskulen i Volda. Engeseth har hatt ansvaret for planlegging og gjennomføring av karriererettleiinga ved høgskulen.

Alle ungdomsskuleelevane frå Sjustjerna skal innom HVO

- HVO vil frå neste skuleår ta imot grunnskuleelevar frå kommunane innanfor den såkalla Sjustjerna (Vanylven, Sande, Volda, Ørsta, Herøy, Ulstein og Hareid)  for karriererettleiing, noko vi er svært glade for, seier Torill Engeseth.

Gode tilbakemeldingar

Målet med besøket på HVO er å gje elevane kunnskap om yrke og utdanningsvegar og høve til å prøve ut ulike yrke og funksjonar i praksis.

dff552447e1c46d98573aa5efdd8a3ddd5f938d2
Elevar frå Volda ungdomsskule vitjar dramaseksjonen ved Avdeling for kulturfag.

Det ser ut som fagleg og administrativt tilsette ved HVO har lukkast med å gje elevane ei god oppleving. Her er nokre kommentarar frå elevar og lærarar ved Volda ungdomsskule:

  • Godt organisert, flott film, god reklame! Elevane likte seg godt takka vere eit godt opplegg.
  • Svært positivt. Får vi fleire slike dagar?
  • Flott film på høgskulen.
  • Idrettsfag på høgskulen får 6
  • Eg har lært masse nytt om høgskulen. Dit skal eg.
  • Språklabb?en. var spanande.
  • Svært viktige dagar for oss.
  • Drama på høgskulen var konge.
  • Kjekt på høgskulen med idrettsfag får 6
  • Dette var veldig bra. Har lært mykje.
  • Høgskulen var noko heilt anna enn eg trudde.Kjempebra!!
  • Idrettslinja på høgskulen var bra: 6
  • Har gjort mine val til neste år. Media: 6.
  • Kjekkaste veka vi har hatt i år.
  • Idrett og friluftsliv var kjempebra. Høgskulen i Volda på meg!
  • Drama på høgskulen:6

Del på