Katastrofe-øving i stor skala

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert


Scenario: Ei bussulukke har ført til at femten skadde norske soldatar må evakuerast frå sitt misjonsområde til sine pårørande i Noreg. Tidleg onsdag 29. september vert norsk presse, og journaliststudentane i Volda, gjort merksame på ”ulykka”. Journaliststudentane sender straks eit team til Forsvarets hovedkvarter på Jåttå ved Stavanger. Redaksjonen i Volda har også eit TV-team i Kosovo som umiddelbart tek kontakt med den norske leiinga for KFOR-styrkane der.

I løpet av få timar vert eit pårørandesenter og eit pressesenter etablert i Gardermoen-området. Journaliststudentane etablerer også ein base der. Dei skriv og publiserer, og det vert laga seks fjernsynssendingar i døgnet. 

Øvinga involverer også hjelpepersonell heilt frå ulukka skjer i Kosovo.  Med eit presseoppmøte på 40 journaliststudentar frå Høgskulen i Volda, samt ymse innslag av skarp presse, kjem flyet med markørane frå Kosovo attende til norsk jord fredag 3. oktober.

1065529715

MEDIEDEKNING: Journaliststudentar frå Høgskulen i Volda intervjuar dei militære ved Gardermoen militære flyplass under øving ”Samaritan Express”.

Forsvaret strålande nøgde
- Vi tok kontakt med Høgskulen i Volda fordi der utdannar dei drivande dyktige journalistar, seier informasjonsdirektør Erling Bø ved Fellesoperativt hovudkvarter på Jåttå.

Informasjonsdirektøren trekkjer fram to moment som gjer journalistutdanninga i Volda så bra. For det første legg han vekt på satsinga på praktisk journalistisk arbeid, og for det andre breidda i den  kompetansen studentane får. Dei blir generalistar meir enn spesialistar. Det gjer at dei kan fylle fleire funksjonar i det journalistiske arbeidet.

- Alle som var involverte frå Forsvaret si side gir voldastudentane dei beste skussmål. Dei jobba hardt og var flinke til å ta dei journalistiske poenga. Lærarane ved Avdeling for mediefag har all grunn til å vere stolte, og viss ikkje desse studentane får kremjobbar i norsk presse så veit ikkje eg, seier informasjonsdirektør Bø med ettertrykk.

Bø kan også opplyse at Forsvaret gjerne vil samarbeide vidare med Høgskulen i Volda då det er svært viktig at Forsvaret øver seg i situasjonar som involverer presse og informasjonsarbeid.

Svært nyttig for studentane
- Det var ei svært omfattande og realistisk øving, seier høgskulelærar Hans Martin Dypvik ved Avdeling for mediefag. Studentane gir gode tilbakemeldingar, og øvinga har gitt dei gode og svært nyttige erfaringar. Her galdt det m. a. å jobbe raskt, jobbe i utlandet (Kosovo), handtere pårørande og ulike sivile og militære instansar.

Les også omtale på NRK.no
 

Del på