Kateketutdanninga i Volda 10 år

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Eit dobbelt jubileum

Lov om Katekettjeneste:
I 1999 er det 30 år sidan den nåverande katekettenesta blei formelt etablert i Den norske Kyrkja. 21. mars 1969 ble lovframlegget signert i statsråd, og 19. juni samme år ble «Lov om katekettjeneste» vedteken i Stortinget.

Kateketutdanning i Volda
I samarbeid med dåverande Volda Lærarhøgskule, starta Møre og Romsdal distriktshøgskule Volda, opp eit 4-årig kateketstudium i 1985. I 1989 vart så det første ordinære studentkullet uteksaminert.

Studieplanen var frå første stund samansett av kristendomskunnskap mellomfag, praktisk-kyrkjeleg årseining, eit valfritt 10-vekttalsstudium, og pedagogikk grunnfag.

Høgskulen i Volda
I 1994 vart Volda Lærarhøgskule og Møre og Romsdal distriktshøgskule slått saman til Høgskulen i Volda. Kateketstudiet ligg nå til Institutt for Kristendomskunnskap og kyrkjefag under Avdeling for Samfunnsfag.

kat


Jubileumsprogram

Opne førelesingar

Måndag 3. mai kl. 15.15 -16.30
Amanuensis Ottar Berge, Høgskulen i Volda: «Kirkeleg undervisning i Norge i det 20. århundre»
Respondent: Prof. II dr.theol. Andreas Aarflot
Stad: Berte Kanutte-huset, Vesle auditorium.

Festsamvær
Berte Kanutte-huset kl. 1900

Festtale ved prof. Andreas Aarflot; «Med kyrkja inn i eit nytt årtusen»
Kort historisk oversikt ved Ottar Berge
Song ved «Kårstadbygget»
Matykt
Helsingar



Forskingsseminar
«Lær meg din vei!» Hovedtrekk i den kirkelige katekesens historie.
Bidrag til en lærebok om katekesens historie.

I samband med jubileet vert det også arrangert eit forskingsseminar for særskild innbedne.

Institutt for Kristendomskunnskap og kyrkjefag har sett i gong eit prosjekt som skal resultere i ei lærebok om hovudtrekka i den kyrkjelege katekesens historie. Prosjektet er meint ført ferdig i år 2000, og dei første bidraga skal drøftast på forskingsseminaret under jubileet.


Tysdag 4. mai kl. 14.15 - 16.00
Tiltredelelseforelesing
Professor II Andreas Aarflot:«Trossamfunn, folkekirke, statskirke - om Den norske kirkes rettsstatus etter reformene de siste 50 år.»
Stad: Berte Kanutte-huset

--------------------
Institutt for Kristendomskunnskap og kyrkjefag
tilbyd følgjande studium og yrkesutdanningar:

Kristendomskunnskap grunnfag (20 vekttal)
Kristendomskunnskap mellomfag (påbygging, 10 vekttal)
Praktisk-kyrkjeleg årsstudium (20 vekttal)

4-årig kateketutdanning:
Utdanninga er sett saman av kristendomskunnskap grunn-og mellomfag, praktisk kyrkjeleg årsstudium, pedagogikk grunnfag, og eit 10 vekttals valemne, til saman 80 vekttal. Studieplanen er for tida under revisjon m.a. med tanke på å inkludere examen philosophicum og examen facultatum.

4-årig kyrkjeverje utdannning/kyrkjeleg administrasjon
Utdanninga er sett saman av 2 år med kristendomskunnskap grunnfag, praktisk-kyrkjeleg årsstudium, 3. år; Forvalting og planlegging: kommunal og kyrkjeleg administrasjon, 4. år; Organisering og leiing, prosjektoppgåve, kyrkje og kyrkjegardsdrift.

Tilsette
Aadnanes, Per Magne, professor dr.philos
Aarflot, Andreas, professor II, dr.theol.
Afset, Bente, amanuensis, cand.philol.
Berge, Ottar, amanuensis, cand. theol.
Egge, Klaus, høgskulelektor, cand.polit.
Halse, Per, høgskulelektor, cand.theol.
Hjertenæs, Magnar, amanuensis, cand. polit.
Løvlie, Birger, førsteamanuensis, teol.dr., p.t. styrar
Redse, Arne, førsteamanuensis, cand.theol.
Seland, Torrey, førsteamanuensis dr.art.
Simonnes, Asbjørn, førstelektor, dr. min.
Ulstein, Jan Ove, førsteamanuensis, cand.theol.

Engasjerte 1998/99:
Fuglseth, Kåre, høgskulelektor, cand.philol.
Gjengedal, Knut, høgskulelektor, cand.theol.

Del på