Kollektivet til valurnene!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Brosjyren handlar om viktigheita av å ta del med stemmeretten sin, og med på lasset er våre venar i Kollektivet, som gjerne slår et slag for demokratiet, les vi på Torbjørn Lien si heimeside. Med fleire teiknefilmar og ulike teikna seriar på merittlista, er Lien ein av ressursane ved animasjonsutdanninga i Volda.

1062612010

Barne-, Ungdoms- og Familieforvaltninga (BUFA) sender i desse dagar ut brosjyren Ung.no til alle vidaregåande skular i høve kommune- og fylkestingvalet. På framsida prydar ei stripe frå Kollektivet der Ronny vert oppmoda om å ta del i valet. Han vil unngå at politikarane kuttar i kulturen, og let rockefestivalen gå i dass. 

1062612395

Heftig hobby
- Kollektivet er eigentleg ein hobby, men det veks, fortel Torbjørn Lien.
Han har hatt særleg suksess med Kollektivet, og siste heile album, Heftig og bedugget vart omtala med svært gode kritikkar i nasjonal presse.

Glade jul i Kollektivet?
Kollektivet har også fast spalteplass i Pondus og Larsons Gale Verden, og Lien røpar at eit Bladkompaniet har ytra ynskje om eit eige julealbum.
- Eg brukar ofte kveldar og anna fritid på å teikna, seier den aktive animatøren, så no må eg stå på for å få opp julestemninga, smiler han.

1062611978

Del på