Kommunikasjonskrus til medieavdeling

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Kruset er laga i eit avgransa opplag av Figgjo, og går til personar eller verksemder som har gjort seg fortent til ein slik pris.
Det har medieutdanninga, meinte prisutdelarane Cecilie Dahle Torbjørnson og Inger Årflot. I snart tretti år har det vore medieutdanning i Volda, der studentar frå heile landet, og ikkje minst frå tettbygde strøk, har lært både livet på landsbygda og norsk landbruk betre å kjenne. Samarbeidet mellom medieutdanninga og bondenæringa har støtt vore god, sa prisutdelarane.


Attåt kruset tok dekanus Sverre Liestøl i mot ein liter økologisk lettmjølk og ei plante, som syner kor viktig Bondekvinnelaget meiner det er å ta vare på både landbruk og natur.

Del på