Konferanse om næringsliv og høgskuleutdanning

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Konferansen er ein lekk i strategien for å bygge ut eit studiesenter i Kristiansund. I dag gir alle dei tre høgskulane tilbod om desentralisert høgskuleutdanning i Kristiansund. KUF har tildelt midlar til desse studieplassane og understreka at dei skal vidareførast i same omfang og med variert innhald. Etter ei tid skal tilboda evaluerast.

Det har blitt understreka at studietilbodet skal vere fleksibelt og tilpassast dei lokale behova. Konferansen i Kristiansund er uttrykk for den sterke interessa det er for dette tiltaket, og at det er stor interesse for å vidareutvikle tilbodet.

Det som fekk størst oppslag i pressa etter konferansen var at leiaren i Kyrkje- og utdanningskomiteen, Grete Knutsen, i sitt innlegg stilte spørsmålet om Kristiansund skulle få det første opne universitetet i Noreg. Dette fekk nokon kvar til å sperre opp auga. Spranget frå desentraliserte studieplassar til universitet er ikkje eit umogleg sprang skal vi tru Grete Knutsen. Her gjeld det å henge med, og høgskulane i Møre og Romsdal må gjennomtenke sin strategi når det gjeld høgskuleutdanning i Kristiansund.

-rektor

Del på