Konsert

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Frå pressemeldinga:

«Kaarstadbygget» er ei a cappella gruppe samansett av ni unge menn, alle studentar ved Høgskulen i Volda. Gruppa vart skipa hausten 1997, og medlemmene kjem frå heile landet.

Repertoaret spenner frå tradisjonell mannskorsang, til barbershops, negro spirituals og 60-talsslagere. Her er Bach, The Platters, Lillebjørn Nilsen og Beach Boys samla på eit brett.

«Det blir noe for enhver smak», seier dirigent Øystein Weider, austlending, musikkstudent ved HVO med bakgrunn frå Oslo Kammerkor. Fleire av hovudrolleinnehavarane av suksessmusikalen «Spelemann på taket» er med i gruppa, og med få unntak har alle studert musikk ved Høgskolen i Volda.

Turne
Onsdag 22. april legg gruppa ut på ein femdagers Noregsturne, men alt førstkomande tysdag blir dei å høyre i auditorium ABC i Kaarstad-huset. Den som vil oppleve årets vårkonsert bør vakne opp frå vinterdvalen og ta turen.

Debut
Første gong gruppa entra scena var på ein amatørkveld på studentkroa i Volda hausten 96. Mykje vatn har runne i havet sidan den gong, men humøret, og ønsket om å underhalde og glede andre er det same, enten ein no sit godt tilbakelent i Volda, i Jessheim kirke eller i Folkets Hus, Oslo.

«Kaarstadbygget» ønskjer alle hjarteleg velkommen til ein musikalsk og humørfylt oppleving tysdag kveld. Kanskje får publikum også oppleve nokre spanande overrraskingar?

Del på