Kontaktkonferansen 1999

13. og 14. januar arrangerte KUF ei kontaktkonferanse mellom departementet og høgskular og universitet.

13. og 14. januar arrangerte KUF ei kontaktkonferanse mellom departementet og høgskular og universitet. Statsministeren, utdanningsministeren og næringsministeren presenterte regjeringa sitt syn på dei utfordringane høgre utdanninga står overfor i dag, og fekk mange og tydelege signal tilbake frå institusjonane om korleis dei vurderer situasjonen. Det blei ein god og spennande dialog. Nokre hovudpunkt i debatten:
· Utdanning og kunnskap blir tillagt stadig sterkare vekt når det gjeld økonomisk vekst, og blir framstilt som den viktigaste føresetnaden for å oppretthalde velferdsstaten. Omgrep som kunnskapsøkonomi og menneskeleg kapital er tydelege uttrykk for kor viktig dette perspektivet er på kunnskap og kompetanse. Utdanningsministeren vil bli den viktigaste næringsministeren i åra som kjem, så Lars Sponheim, og understreka kompetansen og kunnskapskapitalen si viktige rolle for næringsutviklinga
· Dette inneber at kontakten mellom utdanningssystemet og næringslivet må styrkjast
· Universitet og høgskular vil få ei hovudrolle i den nye kompetansereformen
· Det regionalpolitiske perspektivet er sentralt for regjeringa. Utdanningssystemet skal sikre at høgre utdanning blir tilgjengeleg over heile landet, og motverke tendensar til at høg kompetanse blir konsentrert i dei store tettstadene. Ei føremålstenleg dimensjonering av høgre utdanning skal sikre nødvendig kompetanse i distrikta. Også næringsministeren framheva det regionale perspektivet, at kompetanse må byggast opp over heile landet.
· Både statsministeren og utdanningsministeren la stor vekt på å balansere dette næringspolitiske perspektivet med danningsperspektivet, som blei blir framheva som eit likestilt og fundamentalt siktemål for høgre utdanning
· Departementet vil styre dimensjoneringa av utdanningssystemet m.a. for å sikre at den regionale balansen blir tilfredsstillande. Endring i dimensjoneringa av skal skje planmessig over tid slik at institusjonane får tid til å omstille seg
· For å hindre optimal utnytting av ressursane er det nødvendig å auke handlingsrommet for institusjonane gjennom avbyråkratisering og deregulering. Institusjonane må få større fridom og mindre detaljregulering slik at utdanningssystemet får større fleksibilitet. Dette synspunktet fekk sterk støtte frå institusjonane, som framheva den aukande tendensen til detaljregulering også i nye rammeplanar.
· Departementet arbeider med modellar der forskingsverksemd skal bli meir synleg, og etter alt å døme eit kriterium for tildeling av ressursar
· Norgesnettet inneber ei arbeidsdeling mellom institusjonane. Institusjonane bør satse meir på utvikling i djupna enn i breidda. Alle skal ikkje ha alt. Profilering vil bli viktigare. Til sjuande og sist vil det vere kvaliteten som blir avgjerande for den oppgåva ein får i Norgesnettet (t.d. retten til å tildele dr.gr.)
· For å få til denne arbeidsdelinga vil departementet satse meir på institusjonsevaluering. I første omgang vil forvaltninga av knutepunkta bli evaluert. Knutepunkttildelinga er ikkje noko institusjonane får ein gong for alle.


-rektor

Del på: