Krigskorrespondent på Volda-besøk
Ope føredrag om erfaringane som journalist under krigen i Tsjetsjenia.
OPE FØREDRAG:
Måndag 30.3. får Avdeling for mediefag besok av journalisten Carlotta
Gall, som skal halde foredrag om
ERFARINGANE SOM JOURNALIST UNDER KRIGEN I TSJETSJENIA
TID; 12.15-14.00
STAD: AASEN-AUDITORIET
Carlotta Gall arbeider i Moscow Times, og var på plass som
korrespondent i Tsjetsjenia med ein gong krigen der braut ut. Mellom
anna var Gall i Grosny under bombinga, og ho var til stades under dei
store gisselaksjonane i Budyonnovsk og Pervomaiskoye. Saman med Thomas de Wall har Gall gitt ut bøkene "Chechnya: A Small Victorous War" og "Chechnya: Calamity in the Caucasus".
Gall vil vise lysbilde under føredraget. Dersom det er nokon som vil
prate med henne etter føredraget, går det bra.
Dersom de er interesserte i eks-Sovjet, i Kaukasus, krig- og
fred-problematikk eller rett og slett ønskjer å friske opp att
kunnskapane om krigen i Tsjetsjenia - så er de hjerteleg velkomne.
Føredraget er sjølvsagt også ope for studentar frå andre avdelingar,
men i tilfelle heile klasser skulle ha ønske om å komma, er det best
de varslar meg på førehand.
Jon Peder Vestad