Kronprinsen kjem på besøk!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen har fått stadfesta frå Slottet at Kronprinsen kjem til Volda. Det er 12. året at dokumentarfilmfestivalen blir arrangert i Volda, og HKH Kronprins Haakon Magnus skal halde tale under opningsermonien.  

KPHfarger_magasin_1

HKH Kronprins Haakon Magnus         (Foto: Kongehuset.no)

 

Styret til Den Norske Dokumentarfilmfestival sendte invitasjon til kronprinsen då dei fekk høyre han skulle opne utescena på Ivar Aasen-tunet same dag.
- Det er svært morosamt at kronprinsen kjem. Vi vart hoppande glade då vi fekk meldinga frå Slottet. Kronprinsen sender eit fint signal med å prioritere Dokumentarfilmfestivalen under opphaldet på Sunnmøre, og det er stas for oss at han er med å kastar glans over festivalen, seier Ingrid Sunde, informasjonsansvarleg for Den Norske Dokumentarfilmfestival.

 

Opningsseremonien startar kl 19.00 onsdag 30. april på Volda
Samfunnshus. Under seremonien vert det òg konsert og visning av opningsfilmen.

 

Festivalprogrammet vert offentleggjort om nokre dagar, og du kan lese meir om Dokumentarfilmfestivalen på heimesida deira.

Del på