Kunnskapsdepartementet med løyvingar til SEANSE og nybygg

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Gjennombrot for SEANSE

Ingrid Opedal frå Volda SV ser løyvinga som eit gjennombrot for kunstproduksjonssenteret SEANSE. SEANSE er ei vidareutvikling av forprosjektet Prøvekluten som har vore eit etterspurd og vellukka forsøksprosjekt. SEANSE er ein partnarskap mellom Møre og Romsdal Fylke og Høgskulen i Volda, og no med støtte frå Norsk Kulturråd. SEANSE er leia av eit styre, eit fagleg råd, ein prosjektleiar under dekan ved Avdeling for Kulturfag og ei arbeidsgruppe.

SEANSE har som mål å:

  • stimulere til kunstproduksjonar av høg kvalitet for barn og unge over heile landet
  • vere ein kompetanse og utviklingsarena for samarbeid mellom barnehage, skule og kunst 
  • delta i utvikling av kunstutdanning på alle nivå i skuleverket
  • invitere til felles kunstprosjekt og møte mellom kunstnarar frå fleire land og kulturar
  • delta og bidra i den internasjonale debatten om utvikling og danning i og gjennom kunst

- Etter dette kan det no vere grunn til å vente noko meir. Eg ser løyvinga som uttrykk for ein vilje til å sikre SEANSE ei langsiktig finansiering over statsbudsjettet, sa Opedal.

0db0db307ab9cd7ddd654f4806414088738fde00

Bjørn Jacobsen og Ingrid Opedal på pressekonferansen på HVO fredag 21. august.

Bjørn Jacobsen, som er SV sin førstekandidat i Møre og Romsdal, såg det på same måten.

- Eg vonar at denne løyvinga berre er starten, eit første steg, sa han og rosa innsatsen høgskulen sine folk hadde lagt ned i arbeidet med Den kulturelle skulesekken, Prøvekluten  og etableringa av kunstproduksjonssenteret SEANSE.

Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. var glad for den halve millionen SEANSE no har fått for drift ut 2009.

686644a00ee21bcc7533ad644ed951e434c3ef57

Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr og tidlegare leiar for SEANSE Marit Ulvund.

- Høgskulen i Volda har no teke eit krafttak ved å etablere SEANSE. Eg vil nytte høvet til å understreke at skal vi greie å oppretthalde SEANSE, må vi få dette over på statsbudsjettet, sa Kjøde jr.

Høgskulen i Volda satsar på kulturfaga

Dekan ved Avdeling for kulturfag (AKF) Aud Folkestad er glad og stolt over at Høgskulen i Volda satsar så mykje på å sikre barn og unge gode kunstopplevingar. Fagkompetansen ved HVO og SEANSE gir kunstnarar vilkår, støtte og hjelp til å lage nyskapande kunstproduksjonar med høg kvalitet.

de8616c3288940c34ce1555fdee60a03644b949c
Aud Folkestad er dekan ved Avdeling for kulturfag.

- HVO satsar på kulturfaga i ei tid der mange andre høgskular legg ned studietilbod innanfor kulturfeltet. Avdelinga vår tilbyr mellom anna bachelorstudium i musikk, kunst og handverk, drama/teater og idrett og friluftsliv, sa dekanen.

Millionar til nytt bygg

Dei to SV-politikarane kom også med ei anna "glad-melding" til leiinga ved HVO. KD løyver nemleg to millionar til inventar til det nye kontorbygget høgskulen reiser ved sidan av Berte Kanutte-huset.

- Dette er til stor hjelp, og vi takkar hjarteleg for dette. HVO slit nemleg med dei lågaste basisløyvingane i U/H-sektoren. Berre Høgskulen i Sør-Trøndelag har lågare basisløyvingar enn oss. Vi har teke opp dette med departementet ved fleire høve. Eg tolkar denne løyvinga som eit signal om at departementet har forståing for utfordringane våre, sa høgskuledirektør Jacob Kjøde jr.

7a28cafef555494faa1e9aaa73b7ea189b5cb35b

Karstein Solli er nytilsett dagleg leiar ved SEANSE. Han kunne på pressekonferansen opplyse om at han arbeider for å etablere ein barneteaterfestival i Volda. Her er han avbilda under eit kunstnarleg innslag under pressekonferansen fredag 21. august.

Del på