Kurs- og vinteraktivitetsveka 10 år

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

I jubileumsåret er påmeldinga særs god med 102 deltakarar, 90 hjelparar/lærarar og 89 instruktørar/leiarar frå heile Møre og Romsdal.

Storparten av instruktørane er lærarstudentar ved Høgskulen i Volda, med god hjelp frå idrettslinje-elevar frå Møre Folkehøgskule og sirkuslinje-elevar ved Fjordane Folkehøgskule. Med nærare 300 personar i sving under ”Kurs-og vinteraktivitetsveka 2003” er dette eit av dei største arrangementa i fylket for deltakarar med spesielle hjelpebehov.

I jubileumsåret er det stor breidde i aktivitetstilbodet, der det både er plass til rekreasjon i skog og mark, leik og moro i skibakken og fart og spenning under snøraftinga. Hundespann, kanefart, lavvo-leir, skiaktivitetar, aking, taubane (vintersprang), klatring, "høgspenning" (balanseline), snørafting er noko av aktivitetane som blir tilbydd. Om kveldane blir det lagt opp til ei fin sosial ramme, med m.a. kanefart, underhaldningskveldar og dans. Siste kvelden vil den store jubileumsfesten gå føre seg med m.a. Trondheims-bandet ”FLUKT”, som vil syte for irskinspirert folkemusikk.

25. mars vart prosjektet presentert under Landskonferansen ”Samspill 2003” i Trondheim, der tilrettelegging av kultur- og fritidsarenaen sto i sentrum i tre dagar. Prosjektet vil også bli presentert på eit seminar under ”Kurs- og vinteraktivitetsveka” for idrett,-kultur, -og fritidstilsette, der ulike tema knyta til samarbeid, inkludering, tilpassa opplæring og fysisk aktivitet vil bli sett på dagsorden.

Les meir om prosjektet under http://www.hivolda.no/kva.no

Del på