Kurs- og vinteraktivitetsveka 1998
I veke 14 arrangerer HVO, i samarbeid med Idrettens studieforbund i Møre og Romsdal, den femte Kurs- og vinteraktivitetsveka på Bjorli.
Målgruppa for kursveka er barn, ungdom og vaksne med spesielle behov for tilpassa fysisk opplæring. Målsettinga er å gi deltakarane eit innhaldsrikt og godt fagleg opplegg, som tar omsyn til dei ulike hjelpebehova deltakarane har.
Kursveka er ein viktig del av praksisopplæringa til kroppsøvings- og allmennlærarstudentane ved HVO. Den nye rammeplanen for allmennlærarutdanninga legg vekt på tilpassa opplæring der integrering står i sentrum. Interessa for veka har vore stor dei siste åra. Ein reknar med at omlag 250 personar deltek på ulike måtar. Av desse er omlag 100 deltakarar, 90 instruktørar og 60 ledsagarar. Når det gjeld kurstema kan vi nemne:
· skileik og langrenn
· skileik og alpint
· friluftsliv for dei som brukar ski
· friluftsliv for dei som ikkje brukar ski
· friluftsliv for dei som sit i pulk
-rektor