Kvinnedagsarrangementet avlyst!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Soudabeh Alishahi var den første fribyforfattaren i Oslo frå 2001 til 2003. Ho kjem frå Iran, men bur no i Oslo saman med sin mann og tre born. Ho er utdanna lærar.

I Iran ga ho ut novellesamlinga Blå og Raud i 1999. Boka handlar om kvinner si stilling i Iran. Sidan har ho skrive ei bok og ein novellesamling på farsi, begge har blitt stoppa av sensuren i Iran.

På norsk har Alishahi gjeve ut novellesamlinga Midtveis (2002), der vi også finn nokre av novellene frå Blå og Raud. Alishahi har også skrive andre essays og noveller, og den siste utgjevinga hennar var novella Arabernes basar i det litterære tidsskriftet bøygen (3/2006).

Alishahi har i dag ein roman som er ferdig omsett, men norske forlag har så langt nekta å gje han ut. I eit intervju med Ny Tid seier ho: ”Vi ble sensurert i Iran. I Norge er vi frie, men får likevel ikke sagt noe.”

For tida arbeider Soudabeh Alishahi med eit prosjekt om grensene til ytringsfridommen i regi av den kulturelle skulesekken.

Arrangementet som skulle finne sted ved Høgskulen i Volda 6. mars i store auditorium Berte Kanutte- huset fra kl 1200-1300, er AVLYST.

Del på