KVIRINIUS - LANDSHØVDINGEN I SYRIA

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

"Etter det Landshøvdingen erfarer har Keiser Augustus nå gitt grønt lys for folketelling i hele Romerriket. Sentrale kilder bekrefter at også hele Syria skal innskrives i manntall. - Me har ikkje tid te detta, raser en illsint torgkone."
- Eg trengde ei historisk ramme som var interessant, og då dukka denne romerske embetsmannen Kvirinius opp i bakhovudet mitt. Vi har lagt handlinga til folketeljinga kring år null, men resten er berre oppspinn, seier Müller til Sunnmørsposten.
Måndag, tysdag og onsdag kl. 19.30 vert det framsyning på Kroa.Det er første oppsetjinga for Studentteateret ved Høgskulen i Volda i haust.
- Vi hadde lyst til å gjere noko sprudlande."Kvirinius- Landshøvdingen i Syria" er meint som ein parodi på musikalsjangeren og vi legg stor vekt på humor i framsyninga, seier Olav Brostrup Müller til Sunnmørsposten.
Brostrup Müller er 23 år og studerer fjernsyn ved Høgskulen i Volda.
15 skodespelarar og dansarar skal ta del og produksjonsansvarleg er Ingelin Røssland.

Del på