Lærarstudentar skapte opplevingsveke

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

(Tekst og foto: Rune Krumsvik)

Fjella sitt år
2002 er av FN erklært som Fjella sitt år og i år skal også stortingsmeldinga om friluftslivet handsamast i Stortinget. Med dette og den norske suksessen i OL i bakhovudet arrangerte Høgskulen i Volda og Idrettens Studieforbund ”Kurs –og vinteraktivitetsveka”for 9. året på rad. Lærarstudentar frå Høgskulen i Volda var instruktørar og synte stort engasjement, ansvar og dugleik under prosjektet og ga deltakarane minnerike opplevingar, under særs snørike tilhøve på Bjorli i veka før påske. Sjølv om snøen lava ned nærast heile tida under kursveka så var innsatsen til både instruktørane frå HVO og deltakarane frå heile Møre og Romsdal imponerande.

raftingbjorli2002
Biletet syner at sjølv om veret tidvis var friskt så sto både deltakarar og instruktørane på m.a. under snøraftinga. Velvillige bønder på Bjorli har lånt prosjektet eit stort, trygt område for snørafting. Litt ”sug i magen” har dei fleste deltakarane når dei set utføre og opplevinga er stor.

Aktivitetar for dei fleste
Utfordringar i fleng, trivsel og fysisk aktivitet sto i høgsete når Høgskulen i Volda, Møre Folkehøgskule og ISF for 9. året på rad arrangerte ”Kurs- og vinteraktivitetsveka” (KVA.no) i veka før påske. Aldri før har aktivitetstilbodet vore så stort og snørafting, hinderløype, vintersprang (taubane), klatring, høgspenning (linebalansering), skiaktivitetar, aking, stor-lavvo, kanefart og hundespann ga deltakarane opplevingar av den sjeldne sorten. Nokre deltakarar prøvde også å overnatte ute i stor-lavvoen på skinnfeller og desse fekk oppleve mykje interessant rundt leirbålet.
Nærare 300 deltakarar, hjelparar og instruktørar tok del på den etterkvart så tradisjonsrike kursveka for både funksjonshemma og funksjonsfriske deltakarar. På grunn av nærleiken til skibakkar, skog og mark og fjellområde, samt sikre snøtilhøve og overnattingskapasitet er Bjorli ein ideel plass for slike arrangement.

klatringbjorli2002au
Enkel klatring fekk ein del deltakarar prøve seg på og sjølv om det likna meir på isklatring så fekk ein oppleve dette under trygge tilhøve. Her det instruktørane frå HVO som prøvar ut utstyret og tryggingsrutinene.


Sosialt og utfordrande
Eit viktig mål med dette prosjektet er å prøve å stimulere både funksjonshemma og funksjonsfriske born, ungdom og vaksne til ein meir fysisk aktiv livsstil gjennom å leggje til rette for gode opplevingar i naturen. For å treffe flest mogleg er det nettopp breidda i aktivitetstilbodet som er kjenneteiknet ved ”Kurs –og vinteraktivitetsveka”. Å kombinere det tradisjonelle friluftslivet med det meir spanings orienterte, samt å tenkje differensiering i skitilbodet er difor viktige berebjelkar med omsyn til deltakarane. I tillegg står det sosiale i sentrum på kveldstid med underhaldningskveldar og dans innandørs, samt grilling og song rundt leirbålet i stor-lavvoen utandørs.

gitarlavvo2002au
Allsong og grillkos rundt leirbålet i stor-lavvoen er populært både for deltakarar og instruktørar.

Eit viktig mål med prosjektet er også at lærarstudentar får høve til å kome ut i ein praksis der tilpassa opplæring står i sentrum og der dei både blir utfordra på sine pedagogiske og medmenneskelege side. Desse fungerer altså som instruktørar og i år synte lærarstudentane eit potensiale som lovar godt for deira framtidige lærargjerning.

Dersom den stigande påmeldinga held fram neste år er det planar om å dele arrangementet opp i to puljar. Dette blir gjort for å unngå å avvise deltakarar som ynskjer å ta del slik ein diverre måtte gjere i år.
Neste år feirar også ”Kurs –og vinteraktivitesveka”10-års jubileum og styringsgruppa vonar at ein skal få til ei verdig markering av dette prosjektet.










Del på