Lærarstudentar tok over Sunnylven skule

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Fyrste veka gjekk med til å gjere seg kjende, både med elevar og tilsette, og til planlegging av andre praksisveke. Då tok dei over all undervisning for dei 87 elevane ved skulen, men folk frå høgskulen var til stades i kulissane.
Studentane som no går tredje året ved HVO, har hatt praksis i til saman seks veker ved andre skular før.
Dei tilsette ved Sunnylven skule nytta høvet til å oppdatere seg i yrket.

Rettleidd skuleovertaking
Lars Fivelstad i administrasjonen ved Sunnylven skule seier at det var ein kjemperessurs å ha studentane ved skulen.
- Vi søkte Høgskulen i Volda gjennom det som vert kalla " rettleidd skuleovertaking", om å få studentar i praksis. Som ein av to skular, fekk vi ja på søknaden. Det var overraskande at det kom heile 25 studentar, men vi er svært glad for at vi vart valt ut som vertskapsskule, seier han.

( Klipp frå "SUNNMØRINGEN" )




Del på