Levekår blant studentar
Statistisk sentralbyrå gjennomfører i mars, april og mai ei undersøking om levekåra til studentane. 60 av desse er frå HVO.
4000 studentar er trekte ut til å vere med i undersøking.
Byrået ber alle tilsette som måtte få spørsmål om kva slag undersøking dette er, om å motivere studentane til å ta del i undersøkinga. Føremålet med undersøkinga er å kartleggje levekår og forbruksmønster blant studentane. Kartlegginga skal gi auka kunnskap om skilnader mellom studentgrupper og mellom studentar og andre befolkningsgrupper. Initiativet til undersøkinga er tatt av Nasjonalt kontaktforum for læringsmiljø, Statens lånekasse og KUF.
Det vil ligge føre rapport i februar 1999, og det blir arrangert ei konferanse om materialet i november, så dette får vi nok høyre meir om.
-rektor