Lille, frostige Eyolf

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I filmen, som tek utgangspunkt i Henrik Ibsens stykke Lille Eyolf (1894), fungerar den vakre sunnmørsnaturen som eit bakteppe for det djupe og alvorlege temaet. Karakterane  Alfred (Trond Espen Seim) og Rita (Aitana Sanches-Gijon) mistar det einaste barnet sitt i ei drukningsulukke. Då guten var spedbarn ramla han frå stellebordet medan foreldra var opptekne med brennande elskov. Etter drukningsulukka har begge skuldkjensle og klandrar kvarandre for hendinga. Sorga deira tek dei med på ein veg av sjølvransaking og fornekting. Filmen gjev eit sterkt bilde på korleis tapet av eit barn kan påverke alle tilhøve i eit ekteskap, og du kan sjå den på Volda kino fredag 2. oktober. kl. 19.00.

f7b4cb5be1c505ffc61d88c8e0a94dda70edf9e3

3ef7adbcfdb28d7a11d40d9cde807361cdd0ab02

Del på