LRB-virus ved HVO

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Sjå fram til eit møte med ein kunstnar som røskar opp i vår tilvende kvardag og set livet i eit anna perspektiv enn det vi kanskje! LRB-virus inneheld fem performance-forestillingar og eit ope foredrag av kunstnaren om korleis ho arbeider og kva ho ønskjer å oppnå med kunsten sin.

Liv Reidun Brakstad er ein av dei mest markante innanfor performekunsten i Noreg. Ho nyttar sin eigen kropp som aksjonsfelt, medium og bilete for den kunsten ho skaper.

lrb-virus
«Jeg har alltid ønsket meg varme, nå har jeg de
herligste hetetokter»


Perfomancekunsten blir til i direkte møte mellom kunstnar og publikum på ein måte som andre kunstmedier knapt kan måle seg med. I denne kunstarten ligg det uventa heile tida på lur. Improvisasjon og provokasjon tvingar publikum til å ta del og ta stilling.

Performancekunsten set spørjeteikn ved handlingane våre, ler av det absurde og blir forbanna over det absurde. Det ligg som oftast ein djup humanistisk bodskap i performancekunsten.

PROGRAM
Dei fem framsyningane vert i kantina i Berte Kanutte-huset i veke 44. Måndag, tysdag, torsdag og fredag : kl. 1100 og 1300.Onsdag berre kl. 1300.

I tillegg har ho onsdag foredrag kl 1000 i auditorium A i Kaarstad-huset. Tittelen på foredraget er: Mitt liv som lærebok.

Del på