Mange besøkande på utdanningsmesse i Lillestrøm

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Frå tysdag til torsdag er Høgskulen i Volda å treffe på stand under utdanningsmessa "Utdanning og yrke"  på Lillestrøm. Fleire tusen besøkande er innom for å samle informasjon om ulike utdanningsvegar. Tre HVO-studentar,  Runa Engen (journalistikk), Are Berge (drama/teater) og Stine Veie (friluftsliv), er med som høgskulen sine representantar og inviterer gjerne til prat, kaffi og ei studentavis i sofakroken.

63f20300e23c31344fbb71cca3f175be951fb3a5

 –  Det er mange som har vore innom standen. Dette er typisk Volda-look. Retro, koselig og personleg. Vi ønskjer å formidle studietilboda og det kreative studentmiljøet. Det er gledeleg at vi vert lagt merke til i mengda av utstillarar, seier Marthe Alnes ved informasjonskontoret.

d19ceefdc2ce63bd37458abbe10d1f843b6ac23d

Tine (18) og Hanne (18) er to av elevane som er på messe. Hanne går media og kommunikasjon ved Gausdal vidaregåande skule og er fast bestemt på at ho skal til Volda for å ta journalistikkutdanning.

 – Eg veit at eg vil til Volda og oppsøkte derfor standen med ein gong. Utdanningsmesse er eit bra tilbod.  Vi får kontakt og informasjon med studiestaden og det gjer at ein vert tryggare på valet, seier Hanne.

 – Eg skulle ønskje eg visste meir på førehand. Det er ein stor mengd informasjon og det er vanskeleg å sortere det som er viktig. Eg er på messe for å sanke informasjon i tillegg til at eg forsøker å stille dei rette spørsmåla, fortel Tine.

e9d03b6dba6211e32ab33ea971b12f98eca0eaac

Dei to liker standen til Høgskulen i Volda godt, og les ivrig eit nummer av studentavisa Peikestokken medan dei peikar på nokre av bileta.
 –  Det er godt at ein enkelt kan ta fly mellom Bergen og Volda. På den måten kan Tine ofte besøke meg i Volda og oppleve studentlivet, avsluttar Hanne med eit smil.

Stine Veie, Runa Engen og Are Berge

6af16dddefd863b12940dc8a95b92c53cf49297d

Stine Veie og elevar i prat om ulike studietilbod på høgskulen


Del på