Manuela Ramin-Osmundsen kjem til Internasjonal dag 30.09
Høgskulen i Volda er glade for å ha fått Manuela Ramin-Osmundsen til å halde hovudinnlegget på Internasjonal dag 30.09, fortel leiar av Internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen. Ramin-Osmundsen er kanskje mest kjend for si korte periode som barne- og likestillingsminister i Stoltenberg-regjeringa.
Ramin-Osmundsen var den første statsråden i norsk historie med ikkje-vestleg bakgrunn då ho vart utnevnt til stillinga 18. oktober 2007, men 15. februar 2008 valde ho å gå av, grunna uryddigheit i prosessen med tilsettinga av nytt barneombod.
I dag arbeider Manuela Ramin-Osmundsen som prosjektleiar i Helse Sør-Øst, der ho er ansvarleg for prosjektet "Likeverdige helsetjenester- med fokus på innvandrere". I samband med Internasjonal dag kjem ho til Volda for å inspirere høgskulestudentane til å skaffe seg utanlandserfaring gjennom studieopphald eller praksisopphald ute i verda. Tittelen på foredraget hennar er: ”Internasjonalisering gir mangfold!”
Ramin-Osmundsen er sjølv rik på internasjonal erfaring. Ho kom til Norge frå Martinique i 1991, og kallar seg sjølv ”verdsborgar”. Ho er utdanna cand. jur. og har tilleggsutdanning i spesialpedagogikk.
Den internasjonale karrieren hennar starta i Brüssel, der ho var praktikant i Europakommisjonen si juridiske avdeling. Etter ein periode som advokatfullmektig i Paris valde ho å ta vidareutdanning innanfor spesialpedagogikk ved Høgskolen i Oslo, og dette brakte henne i kontakt med migrasjons- og likestillingsspørsmål. Manuela vart den første leiaren av Senter mot etnisk diskriminering (SMED) og arbeida der i perioden 1998 til 2002. Frå 2002 til 2006 var ho assisterande direktør og deretter direktør i Utlendingsdirektoratet (UDI). Før ho vart statsråd i 2007 var ho jamvel prosjektleiar for migrasjonsspørsmål i Utanriksdepartementet (UD).
Internasjonal erfaring er avgjerande også for studentar og tilsette som vil bli betre til å takle mangfald, samt kulturelle og faglege utfordringar. Og kanskje er det slik Manuela Ramin-Osmundsen meiner, at internasjonalisering i seg sjølv gir mangfald? Lurer du på kvifor du bør velje å ta eit semester eller to i utlandet?
Høyr hovudinnlegget på Internasjonal dag, 30. september 2009, kl. 12:00 (BK – Store Auditorium) - Ope for alle!
Tekst: Ane Thea Galaasen
Foto: Gretelill Svendsen