Markering av kvinnedagen 8. mars
Institutt¨for kristendomskunnskap og kyrkjefag og Ivar Aasen-instituttet markerer kvinnedagen med opne gjesteførelesingar.
Opa gjesteførelesing:
Merete Thomassen: Kjønn, språk og liturgi -
spor av feministisk kritikk i Den norske kyrkja sine liturgiar.
Merete Thomassen har i fleire år vore kyrkjelydsprest og er no stipendiat ved Universitetet i Oslo.
Dato: 8. mars 2002
Stad: A-paviljongen, Høgskulen i Volda
Tidspunkt: kl. 12.15 - 14.00
Alle er hjarteleg velkomne!
Institutt for kristendomskunnskap
og kyrkjefag
-----------------------
Fiskestimseminar
På kvinnedagen, 8.mars skipar Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda til ”Fiskestimseminar” i Berte Kanutte, vesle auditorium kl.13.00.
Professor Stephen J.Walton ved Ivar Aasen-instituttet fortel at programmet opphaveleg skulle heite ”Frå fittstim til fiskestim” men var redd for at dette vart for sterk kost for for allmenta. Likevel tek seminaret utgangspunkt i den svensk – norske fittstim rørsla frå 1990-åra men legg om stimmetaforen i retning av fisk. - Dette måtte passe bra på Søre Sunnmøre, meiner Walton.
Med gode føredragshaldarar og flott underhaldning er dette ei hending som alle som har høve til det, må få med seg .
Seminaret vil bere preg av kvinnekultur og at arrangementet er lagt til kvinnedagen er ikkje heilt tilfeldig.
Vi har fått fire ulike, men svært dyktige kvinner til å opptre:
Førsteamanuensis Unni Langås ved Høgskolen i Agder som skal snakke om ”Kroppens betydning i Marie Takvams lyrikk”. Unni Langås har mellom anna skrive desse bøkene:
Forandringens former. En studie i Liv Køltzows forfatterskap.
Kvinnelitteraturhistorier. Rapport fra forskersymposiet Nordiske kvinners litteratur
Nordisk kvindelitteraturhistorie. Bind IV: På jorden 1960-1990
Forfattaren Nora Simonhjell skal lese eigne tekstar. (Ho har skrive bøkene ”Slakatarmøte”(Tiden 1999) og ”Kvassare”(Tiden 2001).
I tillegg vert det musikalske innslag ved den internasjonale kvinnegruppa Women’s Voice.
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Ivar Aasen-instituttet