Medieavdeling på Europatoppen

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

BT som også er hovudeigar av fjernsynskanalen TV Hordaland, har planar om å kombinere eit avismiljø med eit tv-miljø, og eventuelt kople desse elementa til internet-web. Dette vil kreve nye investeringar, nytt teknisk utstyr og nye produksjonsmåtar. Ein delegasjon på fem personar frå Bergen vitja difor Volda for å samle seg erfaring på desse områda.

- Høgskulen i Volda har mykje kunnskap og erfaring med digitalisering av radio og TV. Vi har faktisk den einaste reine digitale produksjonskjeda i Europa, seier Reidulf Botn ved Avd. for mediefag. Dette vil seie at alt er digital produksjon frå fjernsynskamera til sjølve utsendinga.Difor er det kanskje naturleg at andre medieinstitusjonar kjem til oss for å søkje kunnskap når dei ynskjer å legge om drifta.

DIG-MED
Fjernsynsstudentane nyttar heildigitalisert produksjonsline frå opptak til sending

Del på