Miljøvennlege mediefag
Avdelinga for mediefag ved Høgskulen i Volda har fått seg to små drivstoffgjerrige bilar som journaliststudentane får bruke på oppdrag. Bilane vart raskt døypte Blåmann og Raudhette.
Journaliststudentane har ofte behov for å kome seg rundt i nærområde når dei skal på reportasjeroppdrag for høgskulen.
Lite utslepp
– Før leigde vi bilar, fortel dekan Sverre Liestøl for Avdeling for mediefag. – Det var ofte eldre og større bilar som brukte mykje drivstoff.
Liestøl fortel at dei to nyinnkjøpte toyotabilane er små og snertne kjøretøy som berre bruker 0,4 liter på mila.
– Det kjennes betre når vi veit vi sparer miljøet for utslepp, fortel dekanen.
– Eg synest bilane vi får disponere er ei fin ordning, seier dokumentarfilmstudenten Susann Østigaard, som kjem rett frå Ulsteinvik etter å ha hengt opp plakatar om dokumentarfilmfestivalen.
Rullande symbol
Bilane er til stor nytte for studentane. Dei er i drift stort sett heile tida, og er til god hjelp når dei komande fjernsynsjournalistane skal kome seg rundt med mykje tungt utstyr.
Høgskulen har ofte besøk av gjesteforelesarar og andre gjestar.Då er det praktisk å ha eigne bilar.
– Det er ein flott måte å få vist tilreisande området vårt på, smiler Liestøl.
Bilane viser godt att med logoen og nettadressa til høgskulen på dører og panser.
Trygge studentar
Programansvarleg for journalisutdanninga, Jan Ytrehorn, påpeikar at nye bilar er eit sikrare val.
– Nye og trygge biler med mindre driftsproblem gjer at vi føler oss tryggare når vi sender studentane ut i trafikken, fortel Ytrehorn.