Misvisande oppslag i Sunnmørsposten

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

KOMMENTAR TIL OPPSLAG I SUNNMØRSPOSTEN 6. JULI 2000

Førstesideoppslaget i Sunnmørsposten torsdag 6. juli om studentopptaket ved høgskulane gir eit svært missvisande bilete av situasjonen. Det er særleg førstesida, og overskrifta på artikkelen på side 5 som er sterkt villeiande.

Artikkelen fokuserer på to saker. Den eine gjeld den reformen som no er i ferd med å bli gjennomført i høgre utdanning. og som inneber at søkjarar som ikkje har fullført vidaregåande utdanning kan bli opptatt på grunnlag av realkompetanse. Det andre gjeld kvalifikasjopnane til dei studentane som får studieplass ved høgskulane. Desse to sakene blir blanda saman slik at ein får inntrykk av at opptak på grunnlag av realkompetanse i seg sjølv inneber at nivået på studentane blir lågare. Det kan også sjå ut til at dei som søkjer på grunnlag av realkompetanse gjennomgåande er fagleg svake søkjarar som har svært dårlege karakterar frå grunnskulen, og som stort sett kan stemplast som skuletaparar. Dette er sterkt missvisande. Vi har erfraring for at studentar som blir tatt opp på grunnlag av realkompetanse kan vere av dei beste studentane vi får. Reformen med opptak på grunnlag av realkompetanse har heilt andre motiv enn å løyse rekrutteringsproblema i høgre utdanning. Reformen er eit svar på behova i arbeidslivet, særleg knytt til etter- og vidareutdanningsreformen. Den er driven fram av m.a. organisasjonane i arbeidslivet, som har peika på behovet for å opne høgre utdanning for grupper av arbeidstakarar som har vore utesengde fordi dei ikkje tilfredstiller dei formelle krava til studiekompetanse. Organisasjonane har peika på at erfaring frå utdanning og praksis i arbeidslivet kan gi kompetanse som er likeverdig, og til dels betre, enn den vidaregåpande skule gir. Høgre utdanning bør derfor opnast opp slik at desse gruppene får høve til å kvalifiserer seg vidare. Dette er det eit sterkt behov for i arbeidslivet, og dette er også eit behov for den einskilde arbeidstakarar.

Dette innber ikkje at alle kjem inn. Det er laga særeigne opptaksreglar for alle dei utdanningane der det blir gjort opptak på grunnlag av realkompetanse. Ng frå grunnskulen gir altså ikkje studieplass på nokon høgskule. Utan å fylle dei krava som er utarbeidd for den einskilde utdanninga, vil ingen kunne få studieplass. Dessutan, ng frå grunnskulen seier lite om den kompetansen ein person har ti år seinare.

Når det gjeld nivået og krava for å kome inn på høgskular og universitet, så er det konkurransesituasjonen som har påverka desse forholda og ikkje regelendingar. Det er rett og slett færre søkjarar som konkurrerer om studieplassane, og då blir konkurransen mindre. Det inneber at fleire satudier i praksis blir opne og søkjarar kjem inn dersom dei tilfredstiller minstekrava.


Gunnar Stave
rektor ved Høgskulen i Volda

Del på