Møreforsking med ny profil
Møreforsking har det siste året vore gjennom viktige adminstrative endringar. Som følgje av dette, har konsernet også laga ein ny grafisk profil og nye heimesider, www.moreforsk.no. Løysinga legg opp til at heimesida skal vere hovudkanalen for publisering av rapportar og forskingsresultat frå opne prosjekt.
– Gjennom den nye profilen og heimesida ønskjer vi å synleggjere Møreforsking og framheve våre fagområde, og dermed gjere at Møreforsking framstår på ein meir heilskapleg måte. Det viktigaste har vore å løfte fram den faglege verksemda. Vi har difor bygd nettsida opp rundt tre stolpar – informasjon om og tilgang til våre publikasjonar, dei tilsette sin kompetanseprofil og forskingsprosjekta, som vi til ei kvar tid arbeider med. Dette er sett saman rundt dei fagområda/forskingstema som vi fokuserer på. Målet er å gjere Møreforsking lettare tilgjengeleg og synleg for brukarar av forsking, skriv direktør Roar Tobro på moreforsk.no.
Viktig formidlingskanal
Løysinga legg opp til at heimesida skal vere hovudkanalen for publisering av rapportar og forskingsresultat frå opne prosjekt. Elektronisk publisering vil bli den viktigaste formidlingskanalen både for skriftlege leveransar, synleggjering av dei tilsette sin kompetanse, opplysningar om forskingsprosjekta, saman med nyhende og omtale av aktivitetane elles.
Den nye heimesida omfattar i denne runda verksemda til Møreforsking Volda og Møreforsking Marin (tidlegare Møreforsking Ålesund). Møreforsking Molde AS er knytt opp til sidene gjennom lenke, men vil etter planen ta i bruk dei nye sidene seinare i år.
Grunnelementa og identiteten i logoen er med vidare, men utforminga er friska opp. Logoen er felles for Møreforsking AS og dotterselskapet Møreforsking Molde AS.