MS ”Ina Kristin”- frå skyssbåt til undervisningsbåt

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Ved ein enkel seremoni på Volda hamn tok representantar frå Høgskulen over båten frå ordføraren, samstundes som båtførar Kjell Yksnøy vart takka av for lang og tru teneste i kommunen.

xina_mag

Representantar frå Høgskulen, ordførar Ragnhild Aarflot Kalland og båtførar Kjell Yksnøy ombord i MS "Ina Kristin"  (Foto: Volda kommune).

 

Volda kommune dreiv i mange år bygdebåtrute Yksnøya- Berknes. MS ”Ina Kristin” gjekk faste ruter med personar og post så lenge der var fastbuande på Yksnøya heile året. Ruta vart i si tid drive med tilskot både frå postverket og fylkeskommunen (elevtransport), men etter at der ikkje lenge var grunnskule/vidaregåande elevar og folket ikkje lenger hadde heilårsbustad på øya, fall eksterne tilskot bort. Den ordinære bygdebåtruta vart såleis nedlagd frå 01.07.99. Etter den tid har båten vore stasjonert på Yksnøya, og Kjell Yksnøy har hatt tilsyn med båten og har gått turar i spesielle høve. Den første skyssbåtføraren var John Yksnøy.

Frå Volda kommune til Høgskulen

Høgskulen har i mange år nytta Yksnøya i undervisninga av kystfriluftsliv, og har arbeidd opp ei eiga base på øya. Etter drøftingar mellom Volda kommune og Høgskulen, kom ein fram til til at det burde opprettast ein avtale der Høgskulen kunne ta over båten og og driftar han til sitt bruk. 31. januar i år vedtok Kommunestyret å overdra MS "Ina Kristin" til Høgskulen. Dette i lys av at kommunen vil vere med å legge til rette for at HVO skal utvikle studietilboda sine på beste måte, og i denne samanheng er basen på Yksnøya eit aktivum for friluftslivsstudia. No er MS "Ina Kristin" gått over frå å vere skyssbåt til undervisningsbåt, og ei epoke i fjordhistoria er over.

 

Tekst og foto: Volda kommune

Del på