Musikkstudentar i eige lydstudio

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

I musikkstudioet med 16 digitale spor får musikkstudentane høve til å feste sine eigne musikalske prestasjonar på band. Vi tok oss ein tur for å sjå korleis ei gruppe grunnfagsstudentar arbeidde i studioet i Kaarstad-huset.

instr
Studentane får instruksjon

Tre kveldar hittil i år har desse grunnfagsstudentane fått bryne seg på dei mange tekniske utfordringane i kontrollrommet. Dette for å få ei viss innsikt om kva som foregår på andre sida av glasvidauget når ein spelar inn musikk i studio.

synge
Trestemt song krev konsentrasjon

Musikken er spelt inn på førehand. No er det klart for å legge på song. Med fast konsentrasjon får ein instruksar frå lærar om å køyre lydprøve, stille inn og gå for opptak.

playback
Gjengen er tydlegvis nøgd med resultatet

Etter dette "taket" fekk vi huka tak i ein av deltakarane for å høyre hennar inntrykk om dette nybyrjar-kurset.

Lærerikt
Kristin Martinsen (22) kjem frå Spikkestad og studerer på andre året i Volda. I år er det musikken som får stå i sentrum, og det endelege målet er å få jobbe med musikk i ei eller anna form, anten som musikkterapeut eller musikkskulelærar.

Kva inntrykk har du av dette kurset Kristin?
- Det er klar at det er mange detaljar å få med seg, og at ein gløymer litt frå gong til gong. Det viktigaste er likevel å få prøve sjølv, og arbeide etter prøve-og-feile-metoden. Det er lærerikt! Men det er heilt klart kjekt å få ei viss innsikt slik at ein kan vere sjølvhjelpt i forhold til små og store musikkproduksjonar, fortel Kristin.

Vidare fortel ho om eit godt miljø blant musikkstudentane. -Eg trivest kjempegodt både med studiet og Volda. Her er det lett å få oversikt over bygda, og mange bra studenttilbod å engasjere seg i. Vi som studerer musikk kan velje om vi vil synge i høgskulekoret eller spele i symfoniorkesteret. I tillegg legg vi opp til ein del interne huskonsertar, seier Kristin.

På sikt er det også meininga at dette kurset i lydteknikk skal munne ut i at studentane kan gjere opptak av eigne musikalske framføringar. Så får ein sjå då om kunnskapen held til nye utfordringar.


Kaarstadbygget kom med den første CD'en

Kaarstadbygget
Det populære mannkoret Kaarstadbygget. (Foto: Nærnett)

Studentkoret "Kaarstadbygget" brukte studioet til å spele inn CD'en "Svamp" no i vår. Produsent var Per Oddvar "Prots" Hildre, ein nestor innanfor kormiljøet i Volda og Noreg.

-gml

Del på