Nasjonalt senter for læring og utvikling

Godkjent i statsråd same dag<br>

Tilrådinga frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet av 25. februar 2000 vart godkjent i statsråd same dag. Proposisjonen gjeld naudsynte vedtak om budsjett i høve oppretting av Nasjonalt senter for læring og utvikling. Den omtaler også styringstilhøva i den statlege utdanningsadministrasjonen på skule- og opplæringsområdet.
Oppretting av eit nasjonalt utviklingssenter fører til at ein får eit organ som kan ta vare på sentrale utviklings- og informasjonsoppgåver. I handsaminga av Innst. S. nr. 214 (1998-99) slutta Stortinget seg til hovudtrekka i meldinga, og gjekk inn for å opprette eit nasjonalt utviklingssenter.

Les meir på : http://odin.dep.no/repub/99-00/stprp/38/innhold.htm


Informasjonskontoret
Trude K. Dalen

Del på: