Norgesnettstipend

Cand. philol Lars Nyre er tilsett som stipendiat ved HVO, Avdeling for mediefag.

Universitetet i Bergen melder at Lars Nyre er tilsett som stipendiat ved HVO, Avdeling for
mediefag/UiB, Institutt for medievitenskap, og skal ha arbeidsplass i Volda. Nyre er vossing og
er cand. philol frå UiB der han tok hovudfag i medievitskap i 1997 med ei oppgave om radioen
og det lydlege. Han skal arbeide vidare med dette emnet, og prosjektet han tar med hit dreier
seg om klangskifte i radiorommet. Det er ei utforsking av den audiotive retorikken i NRK.
Formålet er å utvikle eit omgrepsapparat for snakkemåtane og dei tekniske praksisane i radiomediet. Nyre tar til i stillinga i februar. Vi ønskjer han velkomen til Volda.


rektor

Del på: