Norsk grunnfag i Nordfjord
Høgskulen i Volda planlegg å tilby eit deltidsstudium i norsk grunnfag på Eid. Studiestart blir hausten 1999, og undervisninga skal gå over to år.
Sjølve studiet vil vere gratis, men studentane må betale ordinær semesteravgift ved HVO. I tillegg kan det bli aktuelt med ei mindre avgift (inntil kr 1000 pr student pr studieår) for å dekkje ein del av dei faktiske kostnadane til reise og opphald for forelesarane.
(Sjå elles orienteringa under med meir detaljerte opplysningar)
Vi vonar at dette studietilbodet vil vere interessant for norsklærarar i Nordfjord-regionen. Dei siste åra har det vore store reformer både i grunnskulen og i den vidaregåande skulen, og vi reknar med at mange lærarar har behov for å styrkje og fornye den faglege kompetansen slik at dei kan følgje opp dei nye planane på ein best mogleg måte.
Vi vonar også at både skulekontora og dei einskilde skulane vil legge tilhøva til rette for dei lærarane som ynskjer å byrje på dette deltidsstudiet i norsk. Undervisninga vil elles verte lagt opp i samråd med studentane, slik at både datoar for samlingar, leveringsfristar og arbeidsmåtar så langt som råd kan tilpassast dei ynskja som kjem fram i studentgruppa.
Ordinær utlysing av dette studietilbodet kjem i lokalavisene litt seinare i vinter, men interesserte kan gjerne ta kontakt før for å få utfyllande opplysningar. Dei kan då kontakte
Nordisk institutt ved instituttleiar Torgeir Dimmen (tlf 7007 5034, e-post td@hivolda.no).
Vi vil også vise til HVO si heimeside på nettet: www.hivolda.no, der ein m.a. kan finne den fullstendige versjonen av inneverande års studieplan for norsk grunnfag.
OM STUDIET:
Norsk (nordisk) grunnfag, 20 vekttal (Nordfjordeid)
Deltidsutdanning over to år, f.o.m. hausten 1999 t.o.m. våren 2001.
Studiestad: Nordfjordeid.
Innhald
Innhaldet i dette studiet er i hovudsak det same som blir gitt som ordinært fulltidsstudium ved Høgskulen i Volda (HVO). Grunnfag i norsk gir grunnleggjande kunnskapar i norsk (nordisk) språk og litteratur. Gjennom forelesingar, seminar og sjølvstendig arbeid med stoffet skal studentane tileigne seg sentrale kunnskapar om norsk (nordisk) språk og litteratur i fortid og notid, og dessutan få ei første innføring i vitskapleg metode i faget. Studiet tek også sikte på å skape refleksjon kring emnet "norsk som skulefag og vitskapsfag".
Organisering og arbeidsformer
Studieåret 1999/2000 vil det bli undervist i litteraturdelen av pensum (10 vekttal), med avsluttande eksamen våren 2000. Språkdelen av studiet vil bli gjennomført på tilsvarande måte i 2000/2001.
Det vil truleg verte lagt opp til 6-8 helgesamlingar pr semester, med undervisning fredag ettermiddag og laurdag føremiddag. Undervisninga vert gitt dels i forelesingar, dels i seminar der studentane sjølve har hovudansvaret for å presentere og vurdere fagstoff. I tillegg vil det kunne bli nokre mindre skriftlege oppgåver mellom samlingane. Eventuelle obligatoriske arbeidskrav vil gå fram av studieplanen som blir utlevert ved studiestart.
Eksamen og kompetanse
For å få grunnfagseksamen må kandidaten ha gjennomført og fått godkjent to seminar - eitt i kvar disiplin. Sjølve eksamen består anten av to skriftlege 8-timarsprøver eller ei 8-timars-prøve og ein heimeeksamen. Eksamensordninga vil elles vere den same som for fulltidsstudiet ved HVO, og nærare detaljar om dei ulike eksamensformene vil ein finne i studiehandboka for 1999/2000.
Grunnfag i norsk kan gå inn i ein cand.mag.-grad saman med andre fag frå høgskule eller universitet, og det kan nyttast som grunnlag for påbygging til mellomfag.
Fagleg ansvarleg
Nordisk institutt, Avdeling for humanistiske fag.
Studieavgift
Sjølve studiet er gratis. Det kan likevel bli aktuelt med ei mindre avgift (inntil kr 1000 pr student pr studieår) for å dekkje ein del av dei faktiske kostnadene til reise og opphald for forelesarane. Dette vil det i så fall bli opplyst om ved opptak.
Studentane må elles betale ordinær semesteravgift ved HVO, for tida kr 475 pr semester.
Opptak
Grunnlag for opptak er generell studiekompetanse.
Studiet vert sett i gang med atterhald om ressurssituasjonen ved høgskulen og at det melder seg nok søkjarar.
Søknadsfrist: 15 april.