NY AVDELINGSSTRUKTUR VED HØGSKULEN I VOLDA
Høgskulen i Volda får ny avdelingsstruktur. Les styrevedtaket her.
Styret for Høgskulen i Volda behandla saka i møte 6. juni 2006, sak 22/2006, og gjorde slikt vedtak:
1. Høgskulen i Volda skal ha to formelle økonomisk-administrative nivå som i dag –institusjonsnivået og avdelingsnivået.
2. Det vert innført ny avdelingsstruktur ved Høgskulen i Volda:
a. Avdeling 1: Drama, forming, musikk, kroppsøving, IKT
b. Avdeling 2: Mediefaga
c. Avdeling 3: Sosialfag, planlegging og administrasjon, historie, samfunnsfag
d. Avdeling 4: Nordisk, framandspråk, realfag, religion, livssyn og kyrkjefag, pedagogikk
3.Einingar på eit tredjenivå kan oppretthaldast som viktige fora for drøftingar om undervisning, forsking og utvikling. Dekanen kan delegere oppgåver til eit tredjenivå. Einingane på tredjenivå bør normalt kallast institutt. Leiar på institutta blir utpeika av dekanen etter innstilling frå instituttet.
4. Studieleiar vert tilsett for minst 2 år med høve til forlenging.
5. Dekanen for avdeling 4 skal ha hovudansvaret for leiing og samordning av lærarutdanningane.
6. Styret føreset at den nye organisasjonsmodellen vert evaluert ved slutten av neste valperiode.