Ny mastergradmodul

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert



Kyrkje,- undervisnings- og forskingsdepartementet (KUF) har i brev av 09.07.01 godkjent at det vert sett i gang halvårig studieeining med temaet livsløpsperspektiv i samfunnsplanlegging ved HVO frå hausten 2001. Utdanninga er organisert som deltidsstudium over eitt studieår fordelt på 5 vekesamlingar, og kan inngå i mastergrad i samfunnsplanlegging.

Målet med mastergradsmodulen er å fremje kunnskap om korleis ein kan utvikle og utforme planar med eit langt tidsperspektiv og som tek omsyn til ulike befolkningsgrupper. Eit livsløpsperspektiv i planlegginga vil innebere heilskapleg planlegging. Dersom ein i større grad legg eit slikt perspektiv til grunn, kan det mellom anna medverke til betre livskvalitet, meir rasjonell ressursutnytting, effektivt tverrsektorielt samarbeid og robuste sosiale miljø.

Fagleg ansvarlege er førstelektor Sveinung Dimmen og førsteamanuensis Jon Olav Myklebust.

Detaljert omtale av studieininga finnast på http://www.hivolda.no/asf/avdelingsside/kommunalfag/livslop.htm

Studieeininga er utvikla med økonomisk støtte frå Miljøverndepartementet.

Gjennomføringa av studiet skjer med støtte frå KUF, Miljøverndepartementet og Husbanken. Kommunaldepartementet og Sosial- og helsedepartementet vurderer også å støtte drifta av studiet.

Studiet er utan studiavgift, og interesserte kan få meir informasjon og søknadsskjema ved å gå til http://www.hivolda.no/asf/avdelingsside/
eller ved å kontakte høgskulen på tlf. 70 07 51 00.

Del på