Ny NOU om etter- og vidareutdanning

Buerutvalet har levert si innstilling om vaksenopplæring og kompetanseutvikling.

Utvalet som har hatt i oppdrag å utgreie grunnlaget for ein nasjonal handlingsplan for vaksenopplæring og kompetanseutvikling, Buerutvalet, har levert si innstilling til statsråd Sandal like før han går av. Tittelen på innstillinga er NOU 1997:25 Ny kompetanse Grunnlaget for en helhetlig etter- og videreutdanningspolitikk.


Vi har ikkje fått innstillinga ennå, men ut frå pressemeldingar ser vi at utvalet foreslår:


- lovfesta rett til utdanningspermisjon


- utdanningssystemet skal bli opnare og det skal leggast vekt på realkompetanse


- alle vaksne som har behov for det skal få tilbod om grunnskuleopplæring


- alle vaksne skal ha høve til å ta vidaregåande opplæring på grunnlag av realkompetanse


- alle vaksne skal få tilgang til studiar som blir definert som etter og videreutdanning, og
høve til å ta høgre utdanning på grunnlag av realkompetanse


- det skal etablerast elt system for å dokumentere realkompetanse


- staten skal dekke kostnadene ved grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne


- regelverket for Lånekassa må tilpassast til etter og videreutdanning


- styret ved den einskilde høgare utdanningsinstitusjon flir fullmakt til å avgjere vidareutdanningstilbod i eigen regi når del er mindre enn 20 vekttal
regelen om at studium må vere på 10 vt eller mindre for å kunne krevje eigenbetaling blir fjerna for etter og videreutdanningar ved høgre utdanningsinstitusjonar, og det blir opna for høve til å krevje eigenandelar når det blir gitt tilbod om grunnutdanning til eksterne studentgrupper tilrettelagt som fleksibel utdaning


- partane i arbeidslivet skal i tariffoppgjera sette av midlar til etter og videreutdanning


Som vi ser er det fleire av forslaga som vil endre våre rammevilkår for å drive etter og vidareutdanningsverksemd. Innstillinga er eit viktig dokument for den debatten vi no har sett i gang om vår aktivitet på dette feltet.



rektor

Del på: