Ny rekord - 2900 studentar ved Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Det har over tid vore ein klar tendens mot at høgskulane i dei større byane har hatt betre søkjartal enn ute i distrikta. Vi har aldri sett det som naturleg å freiste å konkurrere om studentane på den urbane dimensjonen. Derimot har vi framheva det som er annleis og eksotisk, sa ein nøgd rektor Gunnar Stave i talen sin. (les talen til rektor Stave)

Volda held stand
- I ein vanskeleg rekrutteringssituasjon kjem Volda veldig godt ut, seier studiesjef Gonnie Smit Løseth. Til saman har 2900 heiltids- og deltidsstudentar takka ja til studieplass ved høgskulen, noko som er ein auke på 100 i høve rekordåret i fjor. Det er ikkje tvil om at studiestaden Volda held stand, seier studiesjefen.

semstart04

Framleis ledige plassar
Det er framleis ledige plassar på følgjande studium: allmennlærarutdanning, ex. phil., historie, kristendom, kunst og handverk, norsk, tysk, engelsk, offentleg administrasjon, drama, matematikk, samfunnsfag, nynorsk skriftkultur og fleire av kyrkjefaga. Interesserte kan kontakte opptakskontoret ved HVO. (les meir om ledige studieplassar)

Del på