Nynorsk teaterutdanning til Volda?

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

abFylkeskultursjef Arvid Blindheim

Fylkeskultursjef Arvid Blindheim har lagt fram for fylkeskulturutvalet fordelane ved å leggje ei nynorsk teaterhøgskuleutdanning til Volda.
Rektor Gunnar Stave og direktør Jan Driveklepp ved Høgskulen i Volda har i brev til Blindheim påpeika ei rekkje knutepunktfunksjonar ved høgskulen. Det sterke praktisk-estetiske fagmiljøet har lange tradisjonar innan framføring av teater, musikalar og større musikkverk. Den nynorsk skriftkulturen har sterke røter i Volda og det er planlagt eit hovudfag i nynorsk skriftkultur frå hausten 2001. Samarbeidet med Ivar Aasen-tunet og stiftinga Nynorsk kultursentrum gjer ei nynorsk teaterutdanning svært interessant for Høgskulen i Volda.
Arvid Blindheim ber om at det vert oppnemnd ei arbeidsgruppe som skal greie ut om ein nynorsk teaterhøgskule kan verte ein realitet. Sjølve ideen kom frå Venstre sin fylkespolitikar Aud Folkestad som også sit i styret ved Høgskulen i Volda.
I det heile er Volda eit levande kultursenter som utmerker seg på fleire måtar overfor studentar og fastbuande. Komande laurdag held Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda konsert der dei framfører verk av Mozart, Beethoven og Bruch. Høgskulekoret følgjer like etter med konsert onsdag 15.mars. Dei skal syngje frå dei kjende musikalane " The Phantom Of The Opera" og "Miss Saigon".

hsk.prog
Konsertar både laurdag og onsdag

Frå 10 til 16 mars er dramaseksjonen for første gong på banen med Teateruke. Ei veke spekka med kafeteater, suppeteater, låvemusical, knøtteteater og trappeteater.
Les meir:http://www.hivolda.no/cgi-bin/arkiv?id=421
Tidlegare studentar frå den toårige animasjonsfilmutdanninga var nyleg internasjonalt aktuelle. Kortfilmen "Min bestemor strøk kongens skjorter" med animatør Ketil Brun Andersen var nominert til Oscar. "Kongen som ville ha en krone" med regi av Anita Killi og animatør Ketil Brun Andersen fekk prisen for beste barnefilm på filmfestivalen i Berlin. Førsteamanuensis Gunnar Strøm ved Animasjon seier at dette er den beste reklamen utdanninga kan få.

teater
Dramaseksjonen inviterer til Teateruke

Til hausten vil studiet i drama med vekt på "Teater med barn og unge" verte sett opp i Ålesund. Dette er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Vestlandske Teatersenter i Bergen og syner litt av den kompetansen høgskulen kan formidle utover.
Gunnar Stave og Jan Driveklepp skriv i brevet til kultursjef Blindheim :

" Høgskulen i Volda ligg midt i eit av dei tyngste nynorskmiljøa, og Volda blir oppfatta som ein viktig kulturstad. Vi ligg også i eit miljø med sterke amatørteatertradisjonar.
Ei nynorsk teaterutdanning vil ha mykje å hente i eit samarbeid mellom desse miljøa. For vår del ser vi at ei teaterutdanning vil kunne gi viktige impulsar og inspirasjon for prosjektet, og vi deltar gjerne i ein dialog om korleis dette kan verte realisert."



Trude K. Dalen
Informasjonskontoret

Del på