Nytt bind i Volda-soga
Professor Jostein Nerbøvik er no ferdig med andre bindet i «Volda-soga 1800 - 1945». Boka, «Holmgang mot havet 1838 - 1914», blir lansert på ein pressekonferanse i regi av Volda kommune onsdag 19. november.
Pressekonferansen er lagt til Dalsfjord fyrmuseum og Dalsfjord skule i Løvika onsdag 19. november kl. 10.45-12.00.
Det går ferje frå Volda til Lauvstad kl. 10.00 med retur kl.12.35.
På fyrmuseet vil Sverre Lillestøl gje ei kort omvising før turen går til Dalsfjord skule der det vert pressekonferanse. Forfattaren Jostein Nærbøvik vil presentere boka, og skipper Kjell Viken, formann i Dalsfjord fyrmuseum, er invitert til å kome med kommentarar.
Biletkunstnaren Ørnulf Opdahl har laga ei rekkje akvarellar spesielt for denne boka og vil vere til stades.