Nytt frå avdelingane

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

· ALU har i haust sett i gang eit tilbod om hovudfag i spes. ped. Saman med tre andre høgskular har Lærarhøgskulen/ HVO sidan 1989 hatt ei samarbeidsavtale med NTNU om desentralisert hovudfagsutdanning i spesialpedagogikk. Opplegget for dette hovudfaget har vore basert på at første semester i hovudfaget skal svare til andre semester i andre avdeling spesialpedagogikk, og kan takast ved ein av høgskulane. Andre semester skal etter avtalen takast ved universitetet i Trondheim. Arbeidet med hovudoppgåva kan leggast til ein avhøgskulane. Til no har det vore lita interesse for dette tilbodet. No har vi blitt samde med NTNU om å prøve ut eit opplegg der studentane også får andre semester i Volda. Det inneber at studentane kan ta heile hovudfaget ved HVO. Peder Haug skal ha det faglege ansvaret for hovudfagstilbodet. Med ei slik organisering viser det seg at det er mange som er interessert i å ta hovudfag. I haust er det tatt opp13 studentar, og dei hadde si første samling i veke 38

· ALU har personalseminar 21. og 22. oktober der temaet er: Korleis kvalifisere studentane til å verte gode lærarar. På programmet står m.a. innlegg av: Inger Anne Kvalbein: Den moderne lærar og den postmoderne student, Peder Haug: Kva er god lærarutdanning, Svein Michelsen: Lærarutdanningane i Volda sett utanfrå

· ASF har sett i gang ei ny kandidatundersøkinga. Dette er ei oppfølging av undersøkinga i 1996. Møreforsking gjennomfører datainnsamlinga, medan førstelektor Alf Roger Djupvik vil ha hovudansvaret for analysedelen

· ASF melder at søkinga til examen philosophicum har teke seg kraftig opp. Det er no registrert knapt 40 studentar, mot 8 i vårsemesteret. Vi fylgjer no eigen studieplan, og har brukt litt ekstra til marknadsføring av dette i sommar

· ASF har sett i gang Forvaltningsrett på nettet med om lag 80 studentar. Av desse er det 4 tilsette ved HVO. Det er deltakarar frå nesten alle fylka i landet. Nytt kurs startar til våren med søknadsfrist 3. januar år 2000. Søknadsskjema kan lastast ned frå http://fuv.hivolda.no/cgi-bin/digitun/imaker?id=667

· Mastergradsstudiet ved ASF er vel i gang. For første gang i høgskulen si historie vert det i haust gjeve utdanning på master/hovudfagsnivå som høgskulen åleine er ansvarleg for. Rundt 40 studentar har teke til på studiet, og dei hadde si første samling i veke 39

· Institutt for sosialfag arrangerte 4.-6. oktober lærarsamling for barnevernspedagogutdanningane i Noreg. Lærarar frå alle dei ti høgskulane som utdannar barnevernspedagogar deltok på samlinga. Roger Mathiesen frå Høgskulen i Lillehammer hadde hovudforedraget der temaet var: Et forsøk på avklaring av spørsmålet om sosialpedagogikk som teoretisk begrep og praksis.



- rektor

Del på