Nytt frå fellesadministrasjonen

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

NYTT STUDIEÅR
Ja, så står vi like framføre nok eit studieår, og eg satsar på at alle er klar til ny innsats.Eg vonar at de alle har hatt ein god og oppbyggjande ferie, sjølv om veret innanlands har vore så som så, i alle fall i søre luten.

Fellesadministrasjonen er no samla i Berte Kanutte-huset, og sjølv om mange rutiner enno ikkje er på plass, så vonar vi at vi kan gje god service også i haust. Vi vonar likevel at de vil vere noko tolmodige og romslege med oss dei første vekene, og så får vi kome sterkare etter kvart. Økonomisystema er fysisk på plass, men ikkje alt er enno oppdatert, så rapporteringa vil vere mindre skreddarsydd no i haust enn normalt.

Eg vonar alle tek seg ein tur til Berte Kanutte-huset for å sjå og å gjere seg kjende med systema og lokalitetane.

Vel møtt til nytt studieår 1998/99.

Jan D.


SEMESTEROPNING
Det vert semesteropning i kantina i Berte Kanutte-huset tysdag 25. august kl. 12.00. Tradisjonelt program.


OPPTAKET
Også i år har opptaket gått bra, og dei opptaksansvarlege har som vanleg gjort ein god jobb. Både sosionom, barnevern, engelsk og pedagogikk har stor og planlagd overbooking. Imidlertid har vi problem med å fylle opp studieplassane på ein del studium. Dette gjeld først og fremst tysk, norsk, historie, kyrkjefaga og kommunalfag, og det vil truleg vere vanskeleg å fylle desse. Studieadministrasjonen arbeider hektisk med å få fleire studentar gjennom lokalopptak. Som de sikkert har sett har vi marknadsført oss sterkt både i aviser, på internett, på TV-Sunnmøre og på annan måte. Vi vonar dette gjev utslag.



STUDIEHANDBOKA
Vi får levert studiehandboka frå trykkeriet torsdag 20. august.
Elektronisk studiehandbok på Web blir også ferdig til semesterstart.



INTERN SKILTING
Vi har vore lovde at skilta skulle verte sende til høgkulen primo august. No viser det seg diverre at leverandøren ikkje kan levere skilta før like opp under semesterstart.

HUSTRYKKERIET
Kodakmaskina som pr. i dag står i Strøm-huset, skal etter planen flyttast til nytt kopieringsrom i Berte Kanutte-huset i veke 34 (neste veke). Kopieringsrommet ligg til høgre for hovudinngangen til biblioteket (nordsida). Høgskulen har ansvaret for betjening av kopieringsrommet frå 01.09.98. Denne stillinga (100% stilling) er under tilsetjing.


POSTRUTINER
Innkomen post
Ekstern post kjem til Berte Kanutte-huset ca. kl. 09.30. Den vert då sortert og lagt i posthyllene i Berte Kanutte-huset og sendt med internposten kl. 10.30 til Kaarstad-, Aasen- og Strøm-huset.

Internpost
Internposten går dagleg kl. 10.30 og 13.30 frå Berte Kanutte-huset til Kaarstad-, Aasen og Strøm-huset.
Den posten som er klar frå desse plassane, blir teken med til Berte Kanutte-huset for vidare ekspedering (alt etter om det er intern og ekstern post).

Utgåande post
Utgåande post vert sendt frå Berte Kanutte-huset kl. 14.15. Post som skal frankerast, må leverast i sentralbord/ekspedisjonen seinast kl. 13.45.

Sentralbordet vil minne alle tilsette om å bruke cc-mail for å gje beskjed om kortare evt. lengre fråvær. På denne måten kan vi betre servicen ovanfor både studentane og øvrig publikum.

Sentralbordet minner også om at tilsette som bestiller varer, må vere nøye med å oppgje kvar vara skal leverast, dvs. oppgje rett adresse, samt namnet på «huset».

Del på