Nytt og moderne tilbygg ved HVO
Den nye dramasalen ved Høgskulen i Volda er alt teken i bruk når det nye tilbygget opnar offisielt i dag 4. april, med framsyning av ”Som du vil ” av William Shakespeare.
Berit Skarholt, avdelingsdirektør i Statsbygg overleverer nøkkelen til Utdannings- og forskingsdepartementet ved underdirektør Arne Hovden, som stiller huset til disposisjon for Høgskulen i Volda.
Foto: Brandal
Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda har fått eit nytt tilbygg som inneheld dramarom og kontor og dermed er byggjesteg to avslutta. Det andre byggjesteget er dels eit tilbygg og dels eit påbygg på det opphavlege tilbygget, og søkjer å skape ei betre og meir harmonisk samanstilling av opphavleg bygning og tilbygg. Dei to generasjonane tilbygg skal saman stå fram som ei eining i farge- og materialbruk.
- Brukarane har fått eit moderne bygg, der det er tatt hensyn til krava til estetikk og funksjon, seier Rigmor Leirvik, prosjektleiar i Statsbygg.
Byggjearbeida starta opp i desember 2000 og bygget blei teke i bruk i januar 2002. Eigedommen blir framleis i Statsbyggs eige med Statsbygg Midt-Norge som forvaltar. Prosjektramma er på 25,9 millioner kroner.