Nytt studium: pedagogikk mellomfag
Høgskulen i Volda set i gang pedagogikk mellomfagstillegg<br>
(10 vekttal) frå hausten 1998.
Dette er eit nytt studium ved HVO utan studieavgift. Studiet gir fordjuping i pedagogikk som forskings- og studiefag og sikrar grunnlag for vidare fagstudium i pedagogikk, t.d. opptak til pedagogikk hovudfag ved norske universitet og høgskular.
Mellomfagstillegget byggjer på pedagogikk grunnfag eller tilsvarande. Studentar som har fullført utdanning som tilsvarande pedagogikk grunnfag, må søkje om å få denne godkjend. Slik utdanning kan vere: pedagogikk i allmennlærar-, barnevern-, førskulelærar-, sosionom-, praktisk-pedagogisk utdanning e. l. kombinert med pedagogiske fagstudium som t.d. sos.ped., spes.ped. o. l. Det kan også vere 20 vekttal sos. ped, spes. ped e. l.
Undervisninga i studiet vert lagt til Høgskulen i Volda over to semester, h-98 og v-99. For også å imøtekome utdanningsbehovet for deltidsstudentar, vert undervisninga konsentrert til samlingar etter nærare oppsett plan.
Spesiell søknadsfrist: 15. mai 1998
Det er utarbeidd studieplan for pedagogikk mellomfagstillegg der føremål, innhald, arbeidsmåtar, eksamen og pensum er nærare omtala. Ved å ta kontakt med dosent Peder Haug tlf 70 07 52 80 eller førsteamanuensis Sveinung Vaage tlf 70 07 51 37, vil du få nærare informasjon om studiet.
Søknadsskjema og studieplan får du tilsendt ved å kontakte sentralbordet v/HVO: tlf. 70075000
-studieadm.