Nyttårshelsing frå rektor

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Det er mykje å glede seg over ved høgskulen i Volda for tida. Vi har eit solid og utfordrande studietilbod, vi har gode og kreative fagmiljø og vi får om ikkje så lenge ein bygningsmasse som samlar all vår aktivitet innanfor eit tett og fint høgskuleområde, for å nemne nokre lyspunkt. Likevel er det trekk ved vår situasjon som ikkje er god. Vi merkar at den store organisasjonsendringa har tatt på og har tært på overskotet. Ein strammare budsjettsituasjon har auka arbeidspresset, og skapt ein hardare fordelingsdiskusjon. 1998-budsjettet blir ikkje noko unntak i så måte. Knappe tider fører også dei kvantitative sidene i fokus. Diskusjonen dreier seg meir om kroner og studenttal enn om kvaliteten i det arbeidet vi gjer med omsyn til administrasjon, undervisning og forsking. Når vi stadig går og ventar på betre tider utan at dei kjem, skaper det etter kvart mismot og misnøye. Misnøye kan vere konstruktivt, men balansen mellom konstruktiv og destruktiv misnøye er ikkje alltid god å sjå. Ønskje om eit godt nytt år er derfor ei oppmoding til oss alle om å bidra til kollegiale forhold som gjer det mogleg å finne arbeidsglede sjølv om ikkje alt går vår veg i augneblinken, og som gjev motivasjon til å gripe fatt i dei problema som hindrar ei utviklinga i den retning vi ynskjer. Derfor: Godt nytt år!

-rektor

Del på