Omorganiseringa: Innstillinga klar
Prosjektgruppa for omorganisering ved Høgskulen i Volda overrekte i dag høgskuleleiinga si innstilling. Innstillinga vert no sendt på høyring med høyringsfrist 10. oktober. – Vi vonar at alle tilsette engasjerer seg i dette arbeidet i dei fora som er aktuelle, ikkje minst på HVO-forum 20. september, seier høgskuledirektør Jacob Kjøde jr.
Prosjektgruppa for omorganisering ved Høgskulen i Volda vart oppretta og starta arbeidet i juni 2004.
Bakgrunnen for omorganiseringsprosjektet
Den nye lova om universitet og høgskular gir insitusjonane stor fridom når det gjeld organisering av verksemda, og departementet ber høgskulane nullstille organisasjonen.
I kvalitetsreforma ligg forventingar om sterkare strategisk styring ved høgskulane, og større ansvar for resultat som vert nådde.
I vedtaket som vart gjort om organisasjonsmodell i 1994, vart det også sagt at modellen skulle vurderast etter ei tid. Dessutan er det fleire vedtak i høgskulestyret som seier at den faglege organiseringa ved HVO skal vurderast.
Dette er altså noko av bakgrunnen for det prosjektet som no er i gang ved Høgskulen i Volda.
Innstillinga og anna nyttig informasjon om arbeidet finn du på HVO Innsida (intranettet).
Frå venstre: Arnfinn Kjelland (leiar), Ragne Ørstavik Sørheim, Torill Mortensen, Per Halse, Sigrun Meisingset, Randi Bergem (koordinator for prosjektet), rektor Gunnar Stave, høgskuledirektør Jacob Kjøde jr.