Ope seminar: Ideologiar,religion og folkemord

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

“Aldri meir” sa ein etter Holocaust. Etter 2. verdskrigen er fleire millionar menneske blitt drepne på politisk, religiøst eller etnisk grunnlag i Kongo, Rwanda, Kambodsja, Jugoslavia og andre statar. Lærte ein likevel ikkje noko av Holocaust?

Folkemord har skjedd både før og etter Hitler. Folkemordet i dei tyske konsentrasjonsleirane var ikkje tilfeldig, men var ideologisk grunngjeve. Ideologien henta ein også utanfor Tyskland sine grenser, og den har sine historiske røter lenge før nazistane si maktovertaking. Blant anna delte norske og andre vestlege vitskapsmenn “menneskeraser” inn i eit hierarki før Hitler skreiv “Mein Kampf”. På den måten fekk “rasehygieniske” politiske program eit skinn av å vere vitskapleg baserte. I sin ytste konsekvens har dette ført til folkemord. Vi håpar dette seminaret skal gje oss innsikt i årsakene til genocide.

Har ein vore uskuldige i Noreg?
Her til lands blei det iverksett tiltak for å bli kvitt “etniske avvik”. På 20- og 30-talet vedtok Noreg og fleire andre vestlege statar steriliseringslover. “Rasehygieniske” argument var viktige. Dårlege gener burde steriliserast bort. Samar skulle fornorskast.

rel.jpg

Program 15. februar

Kl. 1115-1200:
Rolf Hobson(forsker, historie):
Hva var det som gjorde de nazistiske jødeutryddelsene mulig? Om euthanasiprogrammet 1939-1941 som nødvendig forutsetning for folkemordet på jødene.

Kl. 1200-1245: Lunsj.

Kl. 1245-1330: Nils Johan Lavik (professor, psykiatri): Rasismens intellektuelle røtter.

Kl. 1345-1430: Olav Rune Ekeland Bastrup (journalist og forfatter):
Rasehygienen var velferdsstatens pris.

Kl. 1430-1515: Pause.

Kl. 1515-1600: Paneldebatt.

Stad: Store auditorium, Berte Kanutte-huset, Høgskulen i Volda.


Arr.: Humanistisk forskingsforum og Faggruppe for Kristendomskunnskap og kyrkjefag.

Del på