Open gjesteforelesing

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Foredraget tek utgangspunkt i Vaage sine røynsler med romanbiografien Den framande byen. Ein roman om Wilhelm Reich, som han gav ut i 1999. At denne strålande boka i så liten grad vart omtalt og debattert, fekk Jan Kjærstad til å skrive ein kronikk i Aftenposten, der han stilte følgjande spørsmål: ”Hvordan kan en slik bok, en roman som oser av kvalitet på hver side, nærmest bli borte, usynliggjort, i en bokhøst?”

Poenget med å invitere Vaage til å snakke om Den framande byen er ikkje å bøte på skaden, men å la forfattaren få sleppe til orde i ein svært aktuell og prinsipielt viktig debatt: forholdet mellom forteljing, fiksjon og fakta i biografien, anten den har undertittelen ’roman’ eller ikkje.

Lars Amund Vaage, f. 1952 på Husnes, er ein av våre fremste forfattarar, med ei rekkje kritikarroste bøker bak seg. Han debuterte i 1979 med romanen Øvelse Kald Vinter og vart innstilt til Nordisk Råds litteraturpris med romanen Rubato i 1995. Den førebels siste boka til Vaage, diktsamlinga Det andre rommet, kom ut i fjor og hausta også strålande kritikkar.

Seinare på kvelden kan du møte Vaage i Aasen-tunet (sjå informasjon i lokalpressa), der han saman med improviserande musikarar vil framføre tekstar frå Det andre rommet. Her vil du også møte Ragnar Hovland (som nyst fekk Litteraturkritikarprisen for 2002) og Torvald Sund, tre nynorskforfattarar som alle fyller femti år i år.

Del på