Opptaket 1998 - søkjartal og tendensar
Dei først opplysningane frå Samordna Opptak (SO) ligg no føre. Tala viser framhaldande nedgang i søknadstala på nasjonal basis.
Færre 19-åringar
Det er tydeleg nedgang i søkjartalet hjå 19-årigar. SO meiner at ein del av denne aldersgruppa vel folkehøgskule for å samle fleire opptakspoeng. Reform 94 og vridninga mot yrkesfaglege studieretningar - og at fleire ungdomar gjennom denne utdanningsvegen brukar lengre tid fram mot evt. generell studiekompetanse, har truleg verka inn på søkjartala i 98.
Talet på søkjarar totalt til UH-sektoren synes å ha gått ned med 10000 - frå 91000 til 81000 (11%). Det er ein framhaldande trend frå 96 til 97: frå 101000 til 91000.
Markert nedgang i talet på søkjarar som er 23 år og eldre viser elles at den gode arbeidsmarknaden fører til at fleire no vel å jobbe framfor å studere.
Mange søkjarar pr ledig studieplass
Søkjartala ved HVO er relativt stabile i journalistutdanningane, i animasjonsutdanninga og i musikk, pedagogikk, naturfag, forming og engelsk. Når det gjeld søknader per ledig studieplass, ligg HVO framleis over det nasjonale gjennomsnittet.
Privat sektor er vinnaren
SO-rapporten viser nasjonal auke i talet på søkjarar til studium som gir arbeid i privat sektor og tilsvarande nedgang i studium som gjev arbeid i offentleg sektor.
Dagens økonomiske situasjon med oppgangstider og låg arbeidsløyse er truleg hovudårsak til nedgangen i søkjartala. I oppgangstider søkjer ungdomen til studium med noko høgre risikoprofil, i nedgangstider skjer det motsette.
Institusjonar med mange studium som gir arbeid i privat sektor (t.d. informatikk, naturvitskap og ingeniør- og teknologifag) har i 98 stabile og aukande søkjartal.
Færre søkjer seg til offentleg sektor
Høgskular med mange studium som gir arbeid i offentleg sektor har nedgang i søkjartala.
Høgskular som ligg i utkantane som HVO, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Nesna, Høgskulen i Nord Trøndelag, Høgskulen i Stord Haugesund, Høgskulen i Finnmark, har relativ stor nedgang i høve til landsgjennomsnittet som er på 11,6 %.
Andre høgskular med nedgang over gjennomsnittet er m. a. høgskulane i Akershus, Oslo, Bodø, Lillehammer, Stavanger, Telemark, Tromsø o. a.
Nedgangen ved HVO er rimeleg jamt fordelt på alle fag, men er spesielt stor i sosionom-og barnevernutdanninga, allmennlærar- og førskulelærarutdanninga. Her er likevel stor oversøkjing. Nedgang finn vi også ved KPA- og kyrkjefagutdanningane og i historie, norsk, tysk, kroppsøving og matematikk.
Detaljane finn du på Samordna opptak sine web-sider.
http://www.so.uio.no/
-bk
Meir info: Høgskuledirektør Jan Driveklepp, studiesjef Bjørn Krøvel.