På messe med ny stand og studiekatalog.
Informasjonskontoret er i desse dagar på den store utdanningsmessa Utdanning og Yrke i Oslo Spektrum. Med seg har dei to studentar, Andreas Sundby (kroppsøving) og Synnøve Haug (skiutdanninga), for å representere studiestaden og studietilboda ved Høgskulen i Volda.
På den første messedagen har det vore mange besøkande. Utdanning og Yrke er ei stor messe, der fleire hundre vidaregåande elevar frå Oslo-regionen er innom. Det er slett ikkje alle som har bestemt seg for kva dei skal gjere til hausten, og eit stort fleirtal synes det er vanskeleg å velge. Høgskulen i Volda har i år fått ny design på standen sin, og den nye Studiekatalogen 2008 er klar.
Synnøve Haug og Andreas Sundby fortel nysgjerrige elevar, kva som er bra
med å studere ved Høgskulen i Volda.