På veg mot Møreuniversitet?

– For å møte den aukande konkurransen om studentar, arbeidskraft og forskingmidlar er det nødvendig med betre samarbeid og samordning mellom dei tre høgskulane i fylket, seier prosjektleiar Jan Driveklepp.

Prosjektet «Høgskulesamarbeid Møre» er oppretta for å styrkje og utvikle samarbeidet mellom dei tre høgskulane (Høgskolen i Ålesund, Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda). Visjonen er ambisiøs: å oppnå status som universitet/vitskapeleg høgskule om 8-12 år. Forprosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom dei tre høgskulane og Møre og Romsdal fylkeskommune. Prosjektet blir leidd av ei styringsgruppe. Arbeidsutvalet, som er ein del av styringsgruppa, har det løpande prosjektansvaret (sjå under). Styringsgruppa har engasjert tidlegare høgskuledirektør i Volda Jan Driveklepp som prosjektleiar og operativt ansvarleg.


driveklepp
Prosjektleiar Jan Driveklepp


Hovudmål
Hovudmålet er å styrkje prioriterte fagområde og samarbeid som blir sett som viktige for kvaliteten og nivået ved høgskulane. Vidare tek prosjektet sikte på å styrke samhandlinga mellom høgare utdanning/forsking og nærings- og samfunnsliv.

Pragmatisk
Prosjektleiar Driveklepp vedgår at vegen fram til eit eventuelt universitet i Møre og Romsdal er kronglete, uoversikteleg og lang.

– Vi må arbeide pragmatisk og søkje samarbeid der det er tenleg. Så får vi sjå om arbeidet med å heve kompetansen gir grunnlag for å søkje status som universitet. Hovudoppgåva mi er å informere og mobilisere til samarbeid, iverksetje konkrete prosjekt og greie ut ulike modellar for samarbeid, påpeiker han.

Mobililisering til samarbeid
Driveklepp skal setje i gang prosessar i fagmiljøa og administrasjonen i høgskulane, for å
- få fram potensial og føresetnader for samarbeid
- få fram idear til konkrete samarbeidsprosjekt
- forankre samarbeidstanken i alle tre miljøa
- Nye studietilbod
- Etter- og vidareutdanning
- Forsking
- Internasjonalt samarbeid/ nettverk
- Administrative samarbeids- område – IT, kompetanse- heving, personalpolitikk, informasjon
- Alliansebygging høgskule – anna næringsliv

– Når det gjeld informasjon og mobilisering til samarbeid, har vi brukt presse/media og gjennomført fleire møte og informasjonsopplegg på høgskulane. Vidare har vi hatt møte med representantar for næringslivet og møte med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dette har vore ein omfattande jobb og stort sett har tilbakemeldingane og diskusjonane vore konstruktive og positive, seier prosjektleiar Driveklepp.

Iverksetjing
– Mobilisering og iverksetjing vil gå parallellt - mobilisering gjennom erfaring som det heiter, seier Driveklepp.

Han peikar på at det er viktig å prioritere samarbeidstiltak når det gjeld nye studietilbod, m.a. opp mot ny gradsstruktur med bachelor (3 år) og masterutdanning (+2år). Etter- og vidareutdanning er også eit prioritert felt.

Fire konkrete samarbeidsprosjekt
Prosjektleiaren har fått inn over 20 ulike forslag til samarbeidsprosjekt, og fire av desse ønskjer han og arbeidsutvalet å gå vidare med.

A. Masterstudium i helsefag
Høgskulane i Møre og Romsdal har stor breidd innanfor desse fagområda, og fagmiljøa har arbeidd med vidare nivåheving av fagtilboda over ei viss tid.

– Det eksisterer tankar om to litt ulike mastergrader i helsefag. Den eine har arbeidstittelen «Masterstudium i klinisk helsefag og sosialfag» medan den andre har arbeidstittelen «Masterstudium i spesialsjukepleie (akutt og kritisk sjuke)». Vi har teke initiativet til eit felles møte for å få vurdert om vi kan samle kreftene slik at vi får størst mogleg gjennomslagskraft for å kunne sikre minst ei mastergrad i fylket, seier Driveklepp.

B. Studietilbod innanfor mediefag, IKT, visuell kommunikasjon, computer graphics/simulering
– Det har vore sporadisk kontakt mellom mediefag i Volda og fagfolk ved høgskulen i Ålesund om å utvikle eit samarbeid innanfor desse fagområda. Fagleg sett er dette eit område med stor interesse frå marknaden og studentane. Arbeidsutvalet har difor bedt meg å ta eit initiativ til sonderingar i fagmiljøa i Volda, i Ålesund og Molde om det er interesse for vidare samarbeid innanfor dette omfattande og interessante fagfeltet.

C. Studietilbod innanfor samfunnsplanlegging, fysisk planlegging og geografiske informasjons-system
– Innanfor dette temaet har det allereide vore ei første kontakt mellom Ålesund, Volda og Sogndal. Også dette er innanfor eit fagleg vekstområde med aukande vekt på planlegging og digitalisering av informasjon. I første omgang er dette ein idé som Høgskolen i Ålesund har teke opp med Volda og Sogndal.
Også her tek vi initiativ til vidare arbeid gjennom forprosjektet.

D. Samarbeid mellom etter- og vidareutdannings-einingane ved høgskulane i Møre og Romsdal
– Dette er eit prosjekt som allereide er i gang. Det er alt oppnemnt ei prosjektgruppe og engasjert eit sekretariat som er finansiert delvis av forprosjektet og delvis av høgskulane, seier Driveklepp som legg til at når det gjeld etter- og vidareutdanning innanfor helse- og sosialfag så har høgskulane lenge hatt eit samarbeid der ein m. a. gir ut ein felles kurskatalog.

Samarbeidsformer
Det er ikkje berre problemfritt å etablere fagleg og administrativt samarbeid mellom tre sjølvstendinge høgskular. Det finns formelle stengslar og fallgruver, og meir praktiske problemstillingar som t. d. spørsmål om kven skal få telje studentar og vekttal. Prosjektleiaren skal difor greie ut forskjellige samarbeidsmodellar frå ad hoc-samarbeid til full samanslåing. Driveklepp reknar med at høgskulane og departementet finn løysingane etter kvart som problem dukkar opp.

Informasjon og marknadsføring
Arbeidsutvalet har også lufta tankar om felles marknadsføring, profilering, messesamarbeid o.l.

– Eg vil ta initiativ til eit møte mellom studiesjefane og dei informasjonsansvarleg ved høgskulane for å evaluere det samarbeidet vi har no og sjå på kva fordelar og ulemper vi har ved ei sterkare samordning på dette området, seier prosjektleiar Jan Driveklepp.

--------

SAMANSLÅINGSPRESS - UTFORDRINGAR OG BEHOV
Utfordringane for høgare utdanningsinstitusjonar aukar og det blir stadig stilt større krav til omstilling, fleksible læreformer og sterkare satsing på FoU-arbeid og etter- og vidareutdanning. Stikkord som markedstilpassing er stadig meir brukte. Andre stikkord som motiverer for tettare samarbeid mellom høgskulane i fylket:

Konkurransesituasjonen
- hardare konkurranse om studentane – modul- og pakketenking
- hardare konkurranse om forskingsmidlar
- auka behov for samarbeid med næringslivet

Kvalitetsreforma
- Bachelor-utdanningar – fagleg breidd og modulsystem
- Masterutdanningar – fagleg nivå
- Tettare oppfølging av studentane
- Utanlandsopphald

Livslang læring
- satsing på EV- felles organisasjon og felles tilbodspakke
- kompetansemekling
- marknadstilpassing – ikkje eigenkompetanse som bestemmer tilboda
- skreddarsying
- fleire undervisingsmedia og fjernundervising
- desentralisert undervising

Internasjonalisering
- breiare samarbeidsavtalar
- tyngre aktørar
- felles kompetansesenter

Eksternt press
- berre tidsspørsmål før pålegg kjem, jf 1994
- frivillig samarbeid/samanslåing lettare og meir motiverande
- studentane krev fleire valalternativ i studieløpet
- kostnadseffektivisering

Synergieffektar
- infrastruktur
- administrasjonstenester – rekneskap, personal, EV, IKT, sekretariat


----

VISJON FOR «HØGSKULESAMARBEID MØRE»
Utvikle eit nasjonalt og internasjonalt fagleg sterkt høgskulemiljø – som kan oppnå status som universitet/vitskapleg høgskule i løpet av 8-12 år.

MÅL
Hovudmål for prosjektet:
- Styrke prioriterte fagområde og samarbeid som er viktige for kvalitet og nivå ved høgskulane med sikte på eit konkurranse dyktig «Møreuniversitet»
- Styrke samhandlinga mellom høgare utdanning/forsking og nærings- og
samfunnsliv.


ORGANISERING OG FRAMDRIFTSPLAN
Tidsplan
Forprosjektet har ei tids-ramme på 1.5 år. Oppstart 01.01.02 og ferdigstilling med sluttrapport 30.06.03.

Organisering
Forprosjektet er eit sam-arbeidstiltak mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og dei tre høgskulane i fylket. Styringsgruppa har engasjert Jan Driveklepp som prosjektleiar.

Styringsgruppe
Høgskolen i Volda (rektor og direktør) Høgskolen i Ålesund (rektor og direktør)Høgskolen i Molde (rektor og direktør) Fylkes-kommunen (fylkesordførar, fylkesrådm/nærings- og miljøavd.) Styreleiar i Møreforsking «Innovasjon Møre»/regiondirektør SND.

AU
Rektorane frå dei tre høgskolane og fylkesrådm. ved nm-avd. Koordinator i arbeidsutvalet er Bergljot Landstad.

Kontaktperson
Prosjektleiar Jan Driveklepp
Tlf. kontor: 70 07 53 01
Mob.: 90 93 65 06
E-post: Jan.Driveklepp@hivolda.no

Del på: