PRESSEMELDING

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Dei to avtalane gjer tilgjengeleg for forsking både skriftlege dokument tilknytt drifta av avisa Møre og forløparane, men også tidlegare årgangar av sjølve avisa skal digitaliserast og gjerast tilgjengeleg for forsking.

Avisa Møre blir utgjeven av Aarflots Prenteverk AS. Firmaet er i dag landets nest-eldste avishus. Berre Adresseavisen i Trondheim kan rekne seg å vere eit eldre avishus, sidan denne avisa vart starta i 1767. Sivert Aarflot starta avisdrift i 1810, og etterkomarane hans har sidan gjeve ut avis i Volda. Sidan 1902 har avisa heitt Møre.

skrivem
Avtalen er eit første steg i eit langsiktig arbeid
med å gjere tidlegare utgåver av aviser tilgjengelege
for forsking og seinare også eventuelt også for eit
større publikum gjennom Internett.


Snart 200 år med avis på ein liten stad gjer at det ligg særleg godt til rette for djuptgåande studiar av avis og samfunn.

Moderne datateknologi gjev avishistorisk forsking nye arbeidsreiskapar. Avisforsking har tidlegare i stor grad handla om å studere gamle aviser festa på mikrofilm. Ved å digitalisere både sjølve avisa og dokument i tilknyting til avisa, kan store tekstmengder bli analyserte på sekund og gjere forskinga meir effektiv, truleg betre kvaliteten og samstundes kan ein lettare går i djupna på område som tidlegare var svært ressurskrevjande å studere.


Det er inngått to avtalar:

1. Digitalisering av historiske dokument om Møre

Høgskulen i Volda får tilgang til alle dokument som gjeld drifta av avisa Møre og forløparane (Norsk Landboeblad, Landboeavisen, Postbudet, Møringen, Ugebladet). Høgskulen i Volda skal systematisere og digitalisere materialet og leggje det inn i ein database. Føremålet med avtalen er å gjere materialet tilgjengeleg for mediehistorisk forsking og etterkvart også for lokalhistorisk forsking og for undervisning meir generelt.

Materialet er i dag lagra hjå Aarflots Prenteverk AS, i Sivert Aarflot Museet, i Aasentunet og i private samlingar, og gjev slik sett eit heilt unikt kjeldetilfang for avishistorisk arbeid generelt, og for ei rekkje spørsmål som utviklinga av journalistikk, teknologi, økonomi, språk og politikk.


2. Digitalisering av gamle utgåver av Møre

Avtalen er eit første steg i eit langsiktig arbeid med å gjere tidlegare utgåver av aviser tilgjengelege for forsking og seinare også eventuelt også for eit større publikum gjennom Internett. Aarflots Prenteverk AS har med avtalen gjeve Høgskulen i Volda løyve til å arbeide med dette.

Alle norske aviser må sende kopiar av alle sine utgåver til Nasjonalbiblioteket i Rana. Der blir avisene filma på mikrofilm og deretter blir både originalane og mikrofilmen lagra. Det vil seie at om ein skal finne avisomtale av eit tema, så må ein vite datoen for når temaet stod på trykk.

Nasjonalbiblioteket i Rana er no i ferd med å få tekniske løysingar som gjer det muleg å digitalisere avisene ut frå mikrofilm. Dermed er det teknisk muleg å lage ein database med alle årgangar av ei avis. Med nokre tastetrykk kan ein såleis få fram alt som har stått om eit tema i alle årgangar av avisa.

Likevel er det ei rekkje uavklara juridiske problem knytt til å digitalisere historisk materiale. Særleg handlar dette om opphavsrett, der ulike typar stoff i ei avis har ulik status. Til dømes vil ikkje lesarbrev bli omfatta av opphavsrettsreglar, medan innkjøpt stoff vil gjere det.

I Noreg finst det i dag berre ein avisdatabase som er tilgjengeleg på Internett. Basen har namnet Atekst, og er eigd av Aftenposten. I basen ligg stoff frå Aftenposten, Dagbladet, Bergens Tidende, Dagens Næringsliv, NTB og Hvem Hva Hvor. Men basen omfattar ikkje lesarbrev, og annonsar og det eldste materialet er så nytt som frå 1984.

Ved Avdeling for mediefag er det amanuensis Øystein Sande og forskingskoordinator Johann Roppen som så langt har arbeidd med prosjektet, og kjem også til å gjere det i åra framover. Det er meininga å dra inn andre forskarar og studentar på prosjektet i åra som kjem.

Prosjektet er ein del av Høgskulen i Volda si satsing på mediehistorie.

Andre element i satsinga er:

- Ein 5 vekttalsmodul i mediehistorie starta dette semesteret med ca 13 studentar.

- Ei utlyst stipendiatstilling mediehistorie har fått sju søkjarar og kommisjonen er no i arbeid med sikte på tilsetting etter sommarferien.

- Prosjektet ”Norsk Presses Historie” skal munne ut i eit firebands verk i 2010. Prosjektleiar har vore Idar Andre Flo, tidlegare tilsett ved Høgskulen i Volda/Møreforsking. Forskarar tilknytt Ivar Aasen-instituttet, Humanistisk avdeling (historisk institutt) og Avdeling for mediefag har det siste året arbeidd inn mot prosjektet.

Meir info:
Kontaktperson: Johann Roppen
(Forskingskoordinator ved Avdeling for mediefag)
tlf. 700 75 164,
mobil: 926 11 819



Del på